Innenriks

10 på rad: Erik Solbakken

2 okt , 2011  

Erik Solbakken har sykla nesten ein tredjedel av livet sitt. Les vidare så finner du ut kva han sleit med i starten, og kven som fekk han til å starte.

1. Kvifor begynte du med biketrial?
Eg såg eit show av Merida Trialteam på Ski Storsenter. Då tenkte eg at det var akkurat dette eg ville drive med.

2. Kor lenge har du sykla biketrial?
Siden 2004.

3. Kva sleit du mest med i starten?
Balanse og bakhjulskontroll.

4. Kva er det mest morosame med denne sporten?
Ein har ingen begrensninger, kan gjere kva ein vil på sykkelen.

5. …og det minst morosame?
Når motivasjon blir utfordra, når ein ikkje får til ein ting.

6. Hadde du ein augneblink der alt plutseleg gjekk opp for deg, og det byrja å løsne teknisk?
Det skjedde både då eg starta og skjer framleis. Det er ulike stadier. Viss det er ein ting du bruker tid på, og har lyst å lære deg, så kan det plutseleg gå opp eit «lys».

7. Om du skulle gitt eitt tips til alle nybyrjarar der ute, kva ville det vore?
Prøv å finn andre å sykle med.

8. Kva er favoritteknikken din?
Eg har sansen for surging, surger ulike ting.

9. Har du eit idol/førebilete innanfor sporten?
Trur ikkje eg har eit idol, men det er fleire syklister eg beudrer for det dei får til innanfor sin stilart.

10. Kva sykkel bruker du?
Echo Pure 2011 med diverse deler.

Vil du vite meir om Erik, sjekk ut eriksolbakken.com / twitter.com/eriksolbakk1


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.