Utenriks

10 på rad: Simone Rishede

29 okt , 2011  

I Norge er det få eller ingen kvinnelege trialsyklister. I Sverige derimot har du fleire. Og mange på høgt internasjonalt nivå. Unge Simone Rishede er ein av desse, som er spådd ei lysande framtid, med allereie god konkurranseerfaring.

Tjena Simone, gratulerer med svært bra film. Eg har lyst å ta ti kjappe spørsmål med deg, til biketrial.no. Er dette greit?
– Hej Eirik, tack för att du tyckte det, ja det är ok!

1. Fortell litt om deg sjølv.
– Eg heiter Simone Rishede og er 14 år, og eg bur i Sverige. Medlem av Hawkhills Cykel- og aventyrsklubb. Også sykler eg på ein Born Ultimatium 20″.

2. Kvifor begynte du med biketrial?
– Eg begynte med å køyre motortrial, men seinare kjøpte me nokre trialsykler. Det viste seg at det passa meg mykje betre, og det var mykje kjekkare.

3. Når begynte du med biketrial?
– Eg begynte med biketrial for cirka to og eit halvt år sidan.

4. Korleis er det å være jente i biketrialmiljøet?
– Eg syns det oftast er kjekt og fint, men nokre gonger kan det også vere strevsamt å vere einsam jente.

5. Kven trener du mest med? Gutar eller jenter?
– Eg trener med gutar, men me har ei til litt yngre jente i klubben, også køyrer eg med Nadine Kåmark i blant.

6. Kva syns du er det vanskeligaste med biketrial?
– Å halde konsentrasjonen på konkurranser, og verkeleg fokusere på å stenge ute alle som pratar til deg.

7. Kva er det kjekkaste med biketrial?
– Det er heilt klart fellesskapet, og at ein utvikler seg heile tida og velger sitt eige tempo.

8. Driver du med andre idretten ved sida av?
– Nei, det gjer eg ikkje.

9. Kva er ditt neste mål? Kva er drømmemålet ditt?
– Mitt neste mål er å trene heile vinteren, for så å delta på nokre internasjonale konkurranser til sommaren. Drømmemålet mitt er å fortsette med biketrial, og kanskje ein gong gå frå klassen ‘femina’ til ‘junior/senior’ (internasjonalt BIU), og køyre mot gutar istadenfor jenter. Eit anna mål er å lage nokre bra filmer og sånt, og kanskje få fleire jenter inn i sporten.

10. Kor ofte og mykje sykler du?
– På sommaren sykler eg tre til fire gonger i veka, men no på vinteren blir det nok berre ein til to.

Har du gått glipp av siste filmen til Simone, sjå under:


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *