Konkurranser, Nyheter

Gilles overlegen i første runde

12 apr , 2012  

Som vanleg opna Koxx Days konkurransesesongen i Le Tour de Scay, 7.-8. april. Sjølv om konkurransen ikkje er ein del av UCI-kalenderen, har han fått status som ein av dei mest prestisjetunge konkurransane, og er godt likt blant publikum. Konkurransen går over to dagar, med to gongar seks seksjonar kvar dag. Andre dagen vert seksjonane gjort om, og ofte køyrd andre vegen.

Konkurransen trekker alltid til seg store mengder med publikum, spesielt for superelitekonkurransen. Sjølv om 20″ og 26″ køyrer saman, var det ingen på 20″-hjul som blanda seg inn i topp tre. Regjerande verdsmester i denne hjulstorleiken, Benito Ros, er ute med kneskade, og måtte stå over sesongsopningen.

Gilles Coustellier leia rittet etter første dagen, med kun fire straffepoeng. Han demonstrerte enormte dugleikar på sykkelen, og viste at fysikken hans er i ein eigen klasse. Med tanke på at dette er første konkurranse, og formen endå ikkje er heilt på topp, burde dette skremme konkurrentane noko voldsomt.

Det var eigentleg aldri noko kamp om førsteplassen, og det var knytta meir spenning til kven som kom på andreplass. Kenny Belaey køyrde første dag på 12 poeng, med Vincent Hermance rett bak med 15 poeng.

Grunna Benito Ros sitt fråver, vart det læreguten, Abel Mustieles som vart beste mann på 20″-hjul. Han kom eitt poeng bak tredjeplassen, og missa podiet med minst mogleg margin. Den tyske mesteren Hannes Herrmann var langt bak fjerdeplassen, med 30 poeng og femteplass.

Søndagen gjekk det rykter om at seksjonane var gjort endå vanskelegare. Dette skulle vise seg å gje liten effekt på Gilles Coustellier sin dominans. Han køyrde like godt første runde på 0 poeng, og kunne med andre ord ikkje gjort det betre. «Eg hadde ei god kjensle, og var i toppform. Vinter- og vårtreningen min har tydelegvis gjort nytte for seg. Eg ser fram mot sesongstart for UCI-rittene, det vert meir og meir spennande med endå fleire ritt på kalenderen. Det er fantastisk å kunne sykle seksjonane i regnbogetrøya. Eg vil gjere alt i mi makt for å forsvare ho, men eg vil i tillegg ta tilbake europamestertittelen», seier Gilles etter sigeren.

Belaey og Hermance heldt fram med kampen om andreplassen frå dagen før, men dei var begge tydeleg slitne etter mykje reising veka før. Belaey kom nettopp heim frå trening og oppvisningar i Sør-Afrika, og hadde køyrd 15000 km den siste veka, i tillegg til anna reising. Har ein dette i bakhovudet, er det ein imponerande prestasjon å kjempe i topppen. Hermance hadde heller ikkje vore heime og samla overskot, og gjorde oppvisningar under X-Trial i Nice laurdag kveld under Koxx Days.

«Gilles var veldig sterk», uttaler Belaey. Belgiaren tok andreplassen framfor Hermance til slutt, og topp fem vart uendra frå dag 1. To gongar juniorverdsmester Ion Areitio er attende etter skade, og gjorde ein bra sjetteplass. På dei to nederste plassane kom spanjolen Rafa Tibeay Roura og belgiaren Iciar Van den Bergh.

Marius Merger vann eliteklassen framfor landsmennene Morgan Vassor og Guillaume Dunand. Belgiske Pierre Charles Thomas og Kevin Aglae gjorde til slutt topp fem.

Andre runde av Koxx Days vert arrangert i september lenger nord i Frankrike, i K-124 Land. Koxx både starter og avslutter dermed sesongen.

Resultat superelite:
1. Gilles Coustellier: 6 poeng
2. Kenny Belaey: 29 poeng
3. Vincent Hermance: 33 poeng
4. Abel Mustieles: 36 poeng
5. Hannes Herrmann: 39 poeng

Elite:
1. Marius Merger: 26 poeng
2. Morgan Vassor: 36 poeng
3. Guillaume Dunand: 39 poeng
4. Pierre Charles Thomas: 40 poeng
5. Kevin Aglae: 42 poeng

Her kan du sjå første video frå arrangementet, med Hannes Herrmann (#5 superelite):

Kjelder: Trial Inside / Rocky Roads Network


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.