Konkurranser, Nyheter

Invitasjon til NC1

13 feb , 2013  

Det er kun litt over ein månad til første NorgesCup i trial braker laus i Bergen, nærmare bestemt VestkantTrial sitt område i Loddefjord. Her kjem offisiell invitasjon og litt informasjon.

Konkurransen vil finne stad 16. mars, på same område som NC4 og NC5 gjorde i 2012. I NCF NorgesCup Trial 2013 vil det bli konkurrert i klassane nybyrjar, vidarekomen, ekspert og elite, akkurat likt som i 2012. Ein kan velge klasse etter å ha sett seksjonane, men kan ikkje endre klasse seinare i sesongen. Dette for å ha riktigare samanlagtresultat. For å gå opp frå ekspert til elite, må ein oppfylle visse krav i forhold til nivå.

Det vil bli laga seks ulike seksjonar, med piler og porter for dei ulike klassane. Alle klassar køyrer tre rundar, og totaltida er fire timar. Det blir dermed god tid til å fullføre alt roleg og kontrollert.

For spørsmål om overnatting og transport, henved dykk til Mads eller Erik Lexander. Telefon og epost finns i invitasjonen under.

Invitasjon_NC1_Bergen_2013

Mange bilete frå i fjor, finn du her.

Håper flest mogleg stiller til start, og gjer dette til eit knallmoro arrangement. Med musikk på arenaen, Red Bull-jenter med ekstra energi og generelt god stemning, kan ikkje dette slå feil. Vel møtt!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.