Nyheter, Trening

Julegåve: Teknikktips

24 des , 2011  

Biketrial.no har lenge planlagt å lage ein komplett teknikkguide for biketrial. Dette har stadig blitt utsatt og nedprioritert. Men, endeleg fekk me fingeren ut, og gjorde alt på ein gong.

Teknikktipsene er kategorisert i fire kategorier. Først har me basis, som er grunnleggande teknikkar ein må mestre for å gå vidare. Så har me kategorisert resten av teknikkane i opp, bort og ned. Ein ser tydeleg at det er opp-kategorien som har mest innhald. Dette er logisk, i og med at biketrial handler mest om å hoppe opp stader.

Hugs å lese informasjonen øverst på teknikksidene før du setter i gang. Du slepp med unaudsynte spørsmål.

Heile guiden er skrive på under ei veke, og det kan sjølvsagt vere manglar. I tillegg er teknikk ei individuell greie, og nokre kan finne andre tekniske løysningar som passar betre. Bruk difor sunn fornuft og eigen logikk når du lærer deg nye teknikkar.

Det kan ofte vere lurt å starte med å sjå videoen, og deretter lese framgangsmåten. Då får du lettare forståing.

Det er sjølvsagt ikkje meininga at du skal lære deg alle teknikkene i romjula, men bruk guiden når du lurer på noko. Trener du på ein spesiell teknikk, les om denne. Sliter du med ein teknikk du allereie kan, sjå om du kan få nokre nyttige tips i guiden.

Her finn du Teknikkguiden.

Guiden er utarbeida av Eirik Ulltang med hjelp frå Joachim Skjævestad.

Redaksjonen i biketrial.no består av Eirik Ulltang, Erik Solbakken, Joachim Skjævestad og Christoffer M. Valland.

Me ønsker alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.