spania

Aktuelt,Videoer

Redaksjonstur til Spania

7 apr , 2012  

Det som etterkvart kjem til å bli ein fast tradisjon, skjedde sjølvsagt i år òg. Redaksjonen i biketrial.no emigrerte moderlandet til fordel for bar bakke, sol, plussgrader og store mengder trialsykling. Som i fjor, var reisemålet i år òg Spania, eller Katalonia, om me skal vere heilt korrekt.

Det var Eirik Ulltang, Joachim Skjævestad og Erik Solbakken som reiste. Sistnemnde var der kun i 11 dagar, mens Eirik og Joachim i 19 dagar. Første veka hadde me hovudsete i Girona, nord for Barcelona. Den andre veka reiste me sørover, og budde hjå franske David Pastorino sentralt i Barcelona by.

Dagane gjekk stort sett i mange timar sykling, kvile og mat på billige restaurantar. I tillegg filma me drøssvis med timar, som me no endeleg har klart å samle saman i ein kort (!) video på 21 minutter. Denne kan du sjå i vindauget under. Håpar du liker det du ser!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *