Innenriks, Nyheter

Biketrial og NCF

9 feb , 2011  

Me håpar dette blir tatt godt i mot av dei fleste; biketrial er nærmare enn nokon gong å kome inn under vingene til Norges Cykleforbund. No er dialogen igang, og mykje mystikk er oppklart i relativt enkle svar. Det var visst ikkje så vanskeleg å få det til likevel.

For å gå rett på sak, gangen framover no er som følgande:

1. Bli medlem av ein klubb. Dette kan gjerast på tre måter, der me foretrekker alternativ C.

  • A) Etablere eigen klubb.
  • B) Etablere eiga gruppe i allereie eksisterande fleir-idrettslag, som er medlem av NIF.
  • C) Bli medlem av eksisterande sykkelklubb eller sykkelgruppe på din heimstad (eller i nærleiken).

2. Etter at du har meldt deg inn i ein klubb (evt. starta ein eigen), følger automatisk rettar for å teikne lisens, og dermed forsikring.

3. NCF vil vurdere å ta opp biketrial som eigen grein i organisasjonen gjennom Forbundsstyret. Dette vil skje så lenge det er grunnlag for det. Det er dermed veldig viktig at DU MELDER DEG INN I EIN KLUBB.

4. Me kan starte å arrangere konkurransar og etablere terminlister for norgescup og norgesmesterskap. Biketrial er blitt ei offisiell konkurransegrein i Noreg.

Samtidig som dette foregår, oversetter me reglementet til norsk, og utdanner dommere og funksjonærer fortløpande etter behov.

Oversikt over klubbar i Noreg: http://sykling.no/organisasjon/kretserogklubber/Sider/Kretser%20og%20klubber.aspx

Har du noko du lurer på, bruk kommentarfeltet under.


2 Responses

  1. Tore Andre sier:

    Bra Jobba!!! dette blir bra!

  2. […] at alle aktive syklistar vart oppfordra til å melde seg inn i lokale, eksisterande sykkelklubbar, er det no aktuelt å løyse lisens. Ein lisens gjev deg konkurranseforsikring, og er obligatorsk i […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *