Konkurranser

BIU-kalenderen for 2013

21 nov , 2012  

No har BIU publisert ein foreløpig kalender for 2013-sesongen. Nokre datoar er framleis usikre, men det ser ut som få konkurransar vil kollidere med UCI-kalenderen. Foreløpig ser det kun ut som det er EC2 som kolliderer med UCI-EM (og er rett før NC3 på Ekstremsportveko).

Tre av konkurransene går i Tsjekkia, i tillegg til Dressler Camp, og det er tydeleg av EBU-president Libor Musil har mange gode hjelparar i heimlandet sitt.

VM1: 20.07, Spania
VM2: 13.06 – 14.06 eller 10.09 – 11.09, Tsjekkia
VM3: 24.08 – 25.08, Kina
EM: 21.09 – 22.09, Tsjekkia
EC1: 25.05, Slovakia
EC2: 21.06 – 22.06, Tsjekkia
EC3: dato ikkje bestemt, Storbritannia

I tillegg er BIU medarrangør av Dressler Camp, som går 05.07 – 11.07, i Tsjekkia.

EBU (European Biketrial Union): http://www.eurobiketrial.com/
BIU (Biketrial International Union): http://www.biketrialinternational.com/

Her har du video frå VM-runden i Spania i år. VM1 vil vere same stad i 2013.

Forsidefoto: Eirik Ulltang under Europcupen i Viborg 2012. Foto: Mijo Juric


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *