Nyheter, Videoer

César er fortsatt med

16 mar , 2011  

Den levande legenda César Cañas har for lengst slutta å konkurrere aktivt, etter ha å blitt verdsmester (BIU) heile sju gonger. No driv han sin eigen biketrialskule kalla César Cañas Trial Academy.

Men, for dei som trudde han hadde gløymd gamle kunstar, er dette fullstendig feil. Ikkje berre kan han alle dei gamle teknikkane, men han har óg lærd seg mengder med nye triks. Med tydeleg inspirasjon frå syklistar som Danny MacAskill og Yohan Thomas Triboulat, snurrer han rundt på både fram- og bakhjul. Det er rett og slett svært høgt nivå på det han gjer. Han er framleis eit førebilete for mange, og Kenny Belaey uttaler: «Han har alltid vore min inspirasjon».

Denne filmen ser ut som første kapittel av ein lengre serie med videoar av legenda. Følg med på biketrial.no for meir.

Det er ein stolt redaksjon i biketrial.no som kan skryte på seg å ha møtt César no i vinter. Ein avbalansert og interessert person, som gjev mykje av seg sjølv.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *