Innenriks, Nyheter

Christoffer Meland Valland

20 okt , 2010  

Det norske biketrialmiljøet har varierande, men stigande medlemstal. Nokre byrjer, mens nokre slutter. Men, noko av det mest inspirerande og kjekke, er når gamle syklistar kjem tilbake. Nettopp dette har skjedd i haust, og biketrial.no har gleda av å presentere 19-åringen Christoffer Meland Valland frå Norheimsund i Hardanger. Nederst får du sjå han siste, men etter pausen å rekne, første skikkelege video. Først vil me ha eit lite intervju med han.

Kva gjer du på for tida?
Studerer i Bergen by, sykler og løfter vekter!

Når starta du med biketrial?
Starta med biketrial i 2002? Elle var det 2003?

Kor lenge har du hatt pause?
Hadde cirka to år pause.

Kva var årsakene til pausen?
Kneskade, eller skade og skade; schlatters-ungdomsskade? (som forresten aldri forsvinn, so no har eg gitt opp håpet om å bli kvitt kneskaden!)

Er du motivert?
Supermotivert! Akkurat laga min fyrste film etter «pausen», og fleire kjem det!

Korleis er nivået ditt no i forhold til før du tok pause?
Nivået er nok litt lågare enn før pausen. Eg var ung og dum før pausen, og levde med tanken: «Jaja, skadar sikkert ikkje å prøve». Men tanken er på veg tilbake på plass!

Har du fulgt med på sporten heile tida? Føler du han utviklar seg i riktig retning?
Har vore dagleg innom www.bike-trial.net sitt forum og oppdatert meg. Meiner at sporten er i riktig retning ja, er ein sport i stadig vekst, og til og med frå den vetla bygde eg er ifrå har me eige trialområde.

Kva sykkel har du? Deler?
Zoo! Pitbull, 90% Deng-deler. Dei siste prosentane er Try-all styre og nokre random pedalar frå Sykkelbutikken (dei andre knakk under ein ride i Bergen sentrum)

Noko du vil oppgradere?
Kunne tenkt meg å bytte til ei lettare ramme, ellers er eg ganske fornøyd med Echo/Zoo!-delar.

Kven trener du med?
Mads Lexander, Tom Erik Solberg, Knut Fosse (når han har tid og ikkje har knekt ramma si).

Har du mulighet til å trene i haust- og vintermørket?
Eikås trialhall ftw!

Kven inspirerer deg?
Du, Eirik Ulltang, og Gilles Coustellier!

Kva er favoritteknikken din?
Tja.. Likar best naturalsykling, men blir mest av den engelske stilen med tanke på kor eg bur!

Kva er di sterkaste side som syklist?
Mentalitet, hovudet på rett plass, tunga beint i munnen!

Kva er di svakaste side?
Taps (men, eg kjem meg på det og!)

Driver du trening utenom syklinga?
Styrketrening tre gonger i veka!

Kor mykje biketrial sykler du om 10 år?
Forhåpentlegvis ein del! Så sant ikkje vomben tek meg tidleg! (hehe)


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.