Nyheter, Utenriks

Dani Comas i Mexico

27 nov , 2012  

Kanskje den aller beste trialsyklisten i verda, Dani Comas (Monty), kom nyleg heim frå eit lengre opphald i Mexico. Opprinneleg skulle det vare i éin månad, men Comas valgte å utvide det med to månadar til. Han pleier å vere på turné i Mexico kvart år, men har tidlegare vore i andre Sør-Amerikanske land som Chile óg.

Comas er særs populær i dei latinamerikanske landa, og har gjort ei rekke oppvisningar og tv-opptredenar. Latinamerikanarane likar show, og Dani likar å showe, ein perfekt kombinasjon.

Den regjerande og nidoble verdsmesteren i BIU Elite har hårete mål for 2013, tross han har blitt 31 år gamal. Hovudmålet for neste sesong er å vinne alle VM-rundar i BIU Elite, samt ta verdsmestertittelen i UCI i Sør-Afrika.

Ikkje nok med det, vil han i tillegg ta EM-tittelen (truleg både UCI og BIU) og bli spansk mester. Og på toppen av alt dette, vil han delta i alle UCIs verdscupritt, samt sette tre Guinness-rekordar.

I februar reiser Dani til Kina, for å gjere show og tv-opptredenar i to månadar. Danis engasjement betyr verkeleg mykje for biketrialsporten.

Her har du fotograf Mauricio Ramos‘ vakre bilete frå Danis opphald i Mexico (trykk på bileta for full storleik):


1 Response

  1. […] Comas trener hardt for 2013-sesongen for å nå hans hårete mål, mens han tester Montys nye disctab (avbildet under). Det blir da ikke monopol for Chorrillas […]

Legg igjen en kommentar til Trialnytt #7 | Biketrial.no Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.