Nyheter, Videoer

Danny MacAskill: Way Back Home

16 nov , 2010  

Danny MacAskill er nesten uten tvil den mest kjende trialsyklisten i verda. Etter at han vart verdskjend over natta, ved hjelp av filmen Inspired Bicycles – Danny MacAskill April 2009 (over 21 millionar visningar), har han tatt steget opp som ein profesjonell utøvar, med store sponsorar i ryggen.

Dei fleste har nok sakna fleire videoar av MacAskill i toppform, og det har vore få skikkelege videoar av han etter kjempesuksessen. Dette har hovudsponsoren, Red Bull, gjort noko med, og lanserte konseptet Way Back Home. Her skulle Danny finne tilbake til der han kom frå, og bruke stader i nærleiken av sin heimstad.

Etter gjentatte brudd av kragebeinet og ein kvardag full av oppdrag som meir eller mindre ikkje handlar om å utvikle sine dugleikar på sykkelen, er det endeleg ein ny video som verkeleg får vist kor nivået til YouTube-sensasjonen ligg.

Det har før sjølve filmen kom ut, blitt lansert tre andre videoar; traileren, om stadene og eit intervju. Det er tydeleg at målet med konseptet er å vidareføre suksessen etter filmen på YouTube, og det har vore knytta store forventningar til både det filmatiske og det sykkeltekniske. Klarte dei å toppe suksessen? Gje di stemme ved å bruke kommentarfeltet under.

Skal ein skape ein bra sykkelfilm, er stadene ein filmer på viktige. Skal ein fange eit publikum som består av både syklistar og uvitande, må det vere stader som har fin natur, store dimensjonar og avstandar og høgder som verkeleg får vist nivået til syklisten. Dette forteller Danny nærmare om i filmen under.

Det er tydeleg at produsenten av Way Back Home vil mette sjåarane med bakgrunnsstoff. Dei har lansert ein video, der Danny tar oss gjennom litt av kva som har skjedd frå april 2009, og fram til hausten 2010. Han tar oss med frå Edinburgh og tilbake til Skye, men ein del meir erfaring i bagasjen.

Traileren som la lista for resten av prosjektet og dei store forventningane. Danny MacAskill stadfester sin posisjon som den beste streettrialsyklisten i verda.

Alle foto: (c)Andy McCandlish/Red Bull Photofiles

Inspired Bicycles – Danny MacAskill April 2009

, , , , , , , ,


5 Responses

  1. Tom Erik Solberg sier:

    Herregud so bra! blei nettopp litt forelska.. <3

  2. Mads sier:

    det er bare sykt!!!
    får jo gåsehud :O

  3. Pirat Pettur sier:

    WOOOAH. 2 ord. Heilt sykt!

  4. Georg sier:

    Insane, mye av dette bryter grensa av hva som er mulig å få til 😉

  5. […] men han har óg lærd seg mengder med nye triks. Med tydeleg inspirasjon frå syklistar som Danny MacAskill og Yohan Thomas Triboulat, snurrer han rundt på både fram- og bakhjul. Det er rett og slett […]

Legg igjen en kommentar til Pirat Pettur Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.