Innenriks, Nyheter

Ekstremsportveko 2013

3 jul , 2013  

Biketrial på Ekstremsportveko har vore ein fast innslag i tre år. Kvart år har Joachim Skjævestad vore tryggleiksansvarleg for greina. Kjend som Norges kanskje raskaste trialsyklist, med siger i speedtrialskonkurransen dei to siste åra, tok han like greit heim alt dette året. Joachim vann sin andre Norgescup i karrieren, og ødela dermed Eirik Ulltang si vinnarrekke på Voss.

Norgescup #3
Som i fjor, vart det i år óg arrangert Norgescup på Voss. Men, i år var det kun éin runde, og konkurransen vart arrangert på ny stad. Med 100% spesialbygde seksjonar, god utsikt og mykje publikum (til å vere trial), var det eit vellukka arrangement i Bavallen Resort.

20130626-LIV_5751-XL
Foto: Liv Holmstrøm, syklist: Casper S. Larsen.

I nybyrjarklassen stilte det kun to syklistar. Casper Larsen (13) har tidlegare erfaring, og sykla veldig bra, med kun 25 straffepoeng. Sjur Kleppa (15) har kun sykla i fem veker, og deltok i sin første konkurranse. Likevel gjorde han ein kjempegod innsats og fekk eit godt resultat, på 47 straffepoeng. Imponerande!

20130626-LIV_5312-XL
Foto: Liv Holmstrøm, syklist: Simen Smestad

I vidarekomen deltok tre syklistar. På førsteplass kom Simen Smestad (15), som heilt overlegent køyrde på kun EITT straffepoeng i heile konkurransen. Noko bak kom Gaute Ulltang (16) med 28 straffepoeng. På tredjeplass kom Isak Aspevik (13) med 55 straffepoeng.

20130626-LIV_5295-XL
Foto: Liv Holmstrøm, syklist: Villem E. Vaktskjold

I ekspertklassen var det fråvêr av fleire syklistar ein vanlegvis reknar med, og kun to syklistar stilte til start. Det var Villem Vaktskjold (16) som vann klassen, med 60 straffepoeng. Bak han kom Vegard Bjørø (15), på 86 straffepoeng. Tydeleg høgt nivå på seksjonane, men begge gjorde god innsats. Kristian Schea Bergersen (17), som vann forrige runde, kunne ikkje stille på grunn av ein skulderskade.

_ELN4778-XL
Foto: Frøydis Asp Ormåsen, syklist: Rafal Kumorowski

Eliteklassen var historisk stor, med sju syklistar til start. På førsteplass kom Joachim Skjævestad (24), på 42 straffepoeng. Dette er Skjævestads andre Norgescupsiger, og eit veldig imponerande resultat. Bak han, kom så smått legendariske Rafal Kumorowski (32) frå Polen, på nøyaktig same antall straffepoeng. Etter nærmare ettersyn, var det antall seksjoner med eitt straffepoeng som skilde dei to frå kvarandre. På tredjeplass fann ein regjerande Norgescupvinnar Eirik Ulltang (23), med 58 straffepoeng. Han leiar likevel samanlagt i år óg. Fjerdeplassen gjekk til Thomas R. Aasen (30), med 66 straffepoeng. Erik Solbakken (25) tok femteplassen på 76 straffepoeng. Like bak kom Mads Lexander (19) og Knut Fosse (24), som begge hadde 78 straffepoeng. Lexander trakk det lengste strået, då han hadde éin meir seksjon med null prikkar.

20130626-LIV_5271-XL
Foto: Liv Holmstrøm, f.v. Vegard Bjørø, Kristian Schea Bergersen og Villem E. Vaktskjold.

Seksjonane bestod av store sett veldig teknisk krevande hinder, der balanse og kontroll vart satt størst krav til. To seksjonar bestod av relativt små steinhinder, éin seksjon bestod av tømmerstokkar og dei tre siste var ein blanding av paller, kabeltromlar og jernbanesviller.

No blir det veldig spennande kven som tar samanlagtsigeren i eliteklassen. Foreløpig har det vore tre vinnarar på tre rundar. Stillinga er foreløpig Ulltang på første (1500 poeng), Aasen på andre (1440 poeng) og Skjævestad på tredje (1380 poeng). Alt kan med andre ord skje, då ein førsteplass gjev heile 600 poeng.

_MG_2466-XL
Foto: Nils-Erik Bjørholt, syklist: Eirik Ulltang

Speedtrials
Tradisjonen tru, vart det arrangert speedtrials på Torget på Voss. Åtte syklistar stilte til start, alt frå vidarekomne til elitesyklistar. Hundrevis av folk hadde tatt turen for å sjå, og det vart eit kjempearrangement, med god stemning. Som vanleg stakk Joachim Skjævestad av med sigeren. Det er tydeleg at mange timar på BMX- og utforsykkel er ein fordel i speedtrials. Andreplassen gjekk til Eirik Ulltang, med Erik Solbakken på tredjeplass.

Per_Finne_Veko13_Speedtrial-8547-XL
Foto: Per Finne, syklistar: Petter Wigstøl mot Vegard Bjørø (nærmast).

Forsidefoto av Joachim Skjævestad, fotograf Per Finne.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *