Konkurranser, Nyheter

Første gong i Polen

5 aug , 2011  

Ei veke etter eit kjempearrangement i Antwerpen, vil den fjerde runden av 2011 UCI World Cup denne helga bli arrangert for første gong i Polen, i byen Walbrzych.

I konkurransen for damene, med tre av tre moglege sigrar så langt, er Karin Moor (Sveits) favoritten. Men, ho vil bli utfordra av australske Janine Jungfels, som kom likt med ho i Antwerpen, og som stadig nærmer seg siger. Det same med søstrene  Gemma og Mireia Abant (Spania), som også håper på vinnarsjangsar.

I 26″-konkurransen, vil fråvêret av Gilles Coustellier (Frankrike) bli merka: den doble verdsmesteren (2008 og 2009) har ikkje moglegheit til å kome til Polen. Konkurransen lover å vere spennande uansett, med landsmann og  ny verdscupleiar Vincent Hermance, regjerande verdsmester Kenny Belaey (Belgia), og Giacomo Coustellier (Frankrike), tilbake i topp 10 på UCI-rankingen. Alle strever for topplasseringer. Rett bak dei desse tre favorittane kjem franske Aurelien Fontenoy, 4. i Belgia sist veke, og tyske Hannes Hermann, som begge har augene festa på podiet. I tillegg kjempar følgande om plass i finalen; Guillaume Dunand, Nicolas Vuillermot (Frankrike), Iciar Van Den Bergh (Belgia) og Andrei Burton (England). Vanlegvis ville Hegedus Lazlo (Ungarn) vore der, men han er ute med ein nakkeskade.

I 20″-kategorien smiler verdsmester Benito Ros (Spania) igjen, etter at han vann med god margin i Belgia, framfor landsmann Abel Mustieles, som vann runden i Frankrike. Deltaking av europamester Dani Comas (Spania), som var fråvêrande i Antwerpen, ventar framleis på bekrefting. Men om han konkurrerer, er han klart ein av favorittane. Kvar gong dei tre spanjolane har møtt denne sesongen, har det vore ein ulik vinnar: Comas i EM, Mustieles og Ros i kvar sin verdscup.

Sjølv med stor framgang, så virker det ikkje som juniorverdsmester Ion Areitio (Spania) klarer å hevde seg heilt i toppen. Men, nederlender Rick Koekoek ser ut til å ha funne toppformen igjen, og vil prøve å gjenta pallplassen frå Antwerpen. Dei andre kandidatane for finaleplass inkluderer Courtes, Merger (Frankrike), Mrohs (Tyskland), Braun (Sveits), lokale Karol Serwin og vetaran Carlez Diaz (Spania, 33 år). Tyskaren Raphael Pilz, med andreplass i juniorverdsmesterskapet frå i fjor, er i stand til å overraske med finaleplass.

Kjelde: pressemelding frå Uci.ch


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *