Konkurranser, Nyheter

Første Trial Pro Series

27 mai , 2012  

Første runde av Trial Pro Series er unnagjort, og sesongen er offisielt i gang. Konkurransen vart arrangert i Aix les Bains, Frankrike. Vinnarane vart Gilles Coustellier i 26″ og Vincent Hermance i 20″.

Det heile starta laurdag, med både dag- og kveldsaktivitetar. Det var kvalifisering på dagtid og speedtrials på kveldstid, i tillegg til ulik underhaldning. Speedtrialsen vart vunnen av Guillaume Dunand (Ozonys), Gilles Coustellier vann kvalifiseringen på 26″ og Vincent Hermance på 20″. Det mest spennande var likevel at 16 år gamle Jack Carthy fekk tredjeplass i 26″ i kvalifiseringen.

Finalar og superfinalar vart gjennomført sundag, men særs spektakulære seksjonar. Dette var første gong det nye superfinaleformatet (Nytt konkurranseformat) blei prøvd ut i praksis. Superfinalane vart vunne at Gilles (26″) og Vincent (20″), og det ser ut som Vincent Hermance trivs på 20″. Gilles scora kun 19 poeng i dei vanskelege seksjonane, med Guillaume Dunand (35 poeng) og Aurelien Fontenoy (45,5 poeng) bak seg. Sist i superfinalen kom kanadier John Webster, som tross hard kjemping havna langt bak podiet. Unge Jack Carthy havna på sjetteplass til slutt.

I 20″ fullførte Vincent på 9 poeng, med Theau Cortez (24 poeng) og Stefan Eberharter (25 poeng) på plassane bak. Sist i superfinalen kom Hieko Lehmann, som ikkje klarte å håndtere dei vanskelege seksjonane, med 27 poeng totalt.

Giacomo Coustellier vart skada under kvalfiseringen. Han vrei kneet, og er endå ikkje kvitt skademarerittet.

Bilete: Frank Chastel / Trial Inside


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *