Konkurranser

Franskmann flinkast i Finland

4 mai , 2012  

Forrige helg var det første runde av det finske mesterskapet i biketrial. Sjølv om Finland har eit lite miljø, har dei lange tradisjonar. Med kort veg til både delar av Noreg, Sverige og Russland, kjem det deltagarar frå fleire land.

Aurelien Narses (Frankrike), som til vanleg bur og studerer i Sverige, vann eliteklassen. Har reiste saman med nokre andre svenske syklistar. Med åtte straffepoeng, mot andreplassen sine 30, var sigeren overlegen. Den rutinerte franskmannen vann òg tidlegare i år innandørskonkurransen i Gøteborg (Area Indoor). Kanskje me får sjå Aurelien i aksjon under NorgesCupen i år?

Resultat elite:
1. Aurélien Narses (FRA) 8
2. Dmitrij Kuznetsov (RUS) 30
3. Olli Sinivaara 32
4. Vladimir Kovalenko 39
5. Leonid Zhukov (RUS) 44
6. Olli Sirén 51
7. Mikko Sirén 52
8. Ivan Potapov (RUS) 55
9. Samuli Piirainen 56
10. Ilkka Nikunen 65
11. Jarmo Valtonen Diskvalifisert


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *