Videoer

Fredagsfilmen 002

12 aug , 2011  

Her har du beste filmane frå den siste veka. Iallfall av det redaksjonen har klart å finne. I tillegg presenterer me ein klassikar nederst. Om det er ein klassikar kan du sjølv bedømme. Håper iallfall du har ein god dose inspirasjon til ei helg med biketrial! God helg!

Damon Watson slenger ut klipp han har til overs til neste video. Er dette det dårlege, lover det veldig bra for resten! Powerhouse!

Det var verdscup i Polen i helga, her er video med både oppvarming, semifinaler og finaler. Sjå Giacomo og Vincent varme opp på eit nivå dei færraste vil nå i toppform.

Endå ein konkurransefilm, frå det franske mesterskapet i Meribel. Med Gilles, Vincent, Giacomo og legenda Marc Caisso. I tillegg er det heile bra filma og redigert.

Stan Shaw og Tartybikes viser her potensialet i eit GoPro HERO HD hjelmkamera, berre du bruker litt tid og fantasi på vinklar. Stan Shaw er i tillegg svært dyktig på å sykle i steinrøyser.

Så ein trailer for eit lovande dokumentarprosjekt, med blant anna Danny MacAskill. Det handler om utvikling, og korleis dei beste klarer å presse grensene forbi det som før vart sett på som umogleg.

Denne veka er klassikeren norsk, og inneheld Biketrial.no sin redaksjon på vintertur til Spania. Dette gjev oss god stemning, vonar det gjer det same for dykk!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *