Videoer

Fredagsfilmen 008

23 sep , 2011  

Sjølv om kulde og mørke preger kvardagen, er det viktig å halde motivasjonen oppe. Her har du biketrial.no sitt bidrag mot mørkedepresjon og innesitting.

Kom deg ut på sykkelen, og nyt helga.

Denne syklisten frå Taiwan reiste rundt åleine på mopeden sin i austlege delar av Taiwan. Vakker natur, bra sykling og svært høg kvalitet.

TRA har fått nytt kamera, og leiker seg i Bergensområdet. Kraftverket frå Ålesund finner tilbake til gamle spots, og han har iallfall ikkje blitt dårlegare med tida.

Kenny Belaey uttalte i år at han lenge hadde visst at Iciar van den Bergh vil gjere det bra ein gong. Det gjorde han i år, med mange worldcupfinalar. Her trener han for å blir endå meir suksessfull, noko han vil like mykje som å puste, i følge siste oppdatering på Facebook.

Mads er 16 år og ansett som ein av Norges største talent innan biketrial. Her er siste video, redigert av mentor Thomas R. Aasen.

Oppdatert: Benito Ros og Abel Mustieles trener i Spania. Legg spesielt merke til hooken og Abel sine manuallinjer mot slutten.

Klassiker: Ot Pi anno 1993. Her sykler han show på eit såpass høgt nivå, at publikum idag ville blitt imponert.

God helg!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.