Videoer

Fredagsfilmen 009

30 sep , 2011  

Dette har vore ei bra veke, med både internasjonale og nasjonale bidrag. Skandinavia godt representert med to videoer. Denne veka anbefaler me at du i det minste ser den nye filmen til Kenny Belaey, i tillegg til Björn Levin sin konkurransefilm. Bli inspirert til ei flott hausthelg med biketrial!

Kenny Belaey sykler freeride. Magikeren kan tydelegvis håndtere fulldempa sykler også. Med helikopterfilming tar han det til neste nivå.

Abel Mustieles er i storform etter ein vellukka sesong. Her i ein fin edit med mykje bra hjelmkamerabruk.

Toni Bou, Cesar Canas og Gerard Trueba. Dette er SYKT!

Björn Levin vann overlegent siste runde av det svenske mesterskapet sist lørdag. Her har kjærast Felice filma han på vegen til siger:

Me lover at dette er dei siste videoane du ser frå årets VM. Iallfall om det ikkje kjem fleire gode. Her har du del ein og to frå kanskje det beste som er laga. Følg eliten tett på.

Del 1:

Del 2:

Dressler Camp 011 må vere verdens beste festival for biketrial, sjå sjølv:

Kristian Schea Bergersen har lagt mykje arbeid ned i denne filmen, med mange kameravinkler og ein lang dag med filming. Hunden ser ut til å like det med.

Ein kort video av artikkelforfattaren kan vel leggast ved? Litt innendørssykling i Oslo:

Klassiker: denne veka ser me tilbake til april 2009. Vel 27,5 millionar andre har sett filmen. Bli inspirert på nytt av Danny MacAskill sin gjennombrotsfilm.

God helg!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *