Videoer

Fredagsfilmen 010

7 okt , 2011  

Då er artikkel nummer 10 med Fredagsfilmer ute. Det feirer me ved å samle opp dei ti beste filmene frå veka som var. Etter hardt researcharbeid, og eit par filmar litt eldre enn ei veke, har me lukkast! Få inspirasjon tiende helg på rad!

Neil Tunnicliffe har laga ny video i god, gamal stil. Fisheye, 4:3, dårlig kvalitet, og STORE gap, sidehopp og dropp. Akkurat slik me liker det!

Me lovde å ikkje legge ut fleire filmar frå VM. Dette er strengt tatt frå VM, men oppvarmingsfilmer må vel vere lov? Iciar van den Bergh og Pierre Charles frå Belgia i action:

Scott Wilson er hissig på å spre denne videosnutten, men gjer det med mykje negative kommentarer på både eigen sykling og redigering. Jaja, lett underholdning iallfall:

Guillermo Marin mikser street og Tgs. Det lager ein artig kombinasjon. Sjå sjølv!

Imponerende sykling av danske Mads Dahlgaard, med både vanskelige triks og konkurraneteknikker:

Hegedus Laszlo med ny film, Caste District. Ser ut som han tar det rimeleg chill.

Endå ein film med Hegedus, no frå det ungarske mesterskapet i biketrial. Både 20″ og 26″.

Spanjoler i ein trialpark, med blant anna Diego Barrio på det som ser ut som ein Ozonys prototype. Spennande.

Ny film frå Red Bull Street Light Sessions, med intervju av MacAskill og Ashton. Biketrial.no kjem tilbake med ny artikkel frå arrangementet i Manchester i morgon.

Film frå Animal Bike Tour med Martyn Ashton! God stemning!

God helg!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.