Nyheter, Videoer

Fredagsfilmen 020

16 des , 2011  

Her er den tjuande Fredagsfilmen på rad, med mykje bra innhald. Me ferier tjuegongsjubileumet med å lansere nyhenda om at no er det endå enklare å finne fram tidlegare fredagsfilmer. Biketrial.no har nemleg lika eller lagt til i favorittar alle Vimeo- og YouTube-videoar som har vore på Fredagsfilmen så langt.

Lurer du på kor du finner desse to samlingane med biketrialvideoer av høg kvalitet? Trykk her for Vimeo-brukaren, og trykk her for YouTube-brukaren. Men, først til videoane denne veka.

Om du liker best sykling på høgaste nivå, er anbefalingane denne veka fransk: Gilles Coustellier og Nicolas Vuillermot. Ellers har Richardo Meyer og Diego Barrio bra bidrag.

Nyt bidragene!

Gilles Coustellier er ivrig på filming om dagene. Det er synd han kan så lite om kameravinkler, at du har null peiling på kor høge kantene er. Jaja, høge er dei nok:

Cedric Pegliasco sykler i The Cave. Ein del bra her:

Ben Travis bruker sine siste klipp frå 2011, slik at han kan starte med blanke ark for ny video i 2012:

Vincent Hermance, Iciar van den Bergh, Morgan Vassor og Nicolas Vuillermot har oppvisning på Frankrikes nasjonalarena for fotball og rugby:

François Hado med litt streetsykling i Frankrike:

Richardo Meyer på ny sykkel, i ein video som formidler god og avslappa stemning:

Joe Maher sykler på sin nye Rockman Austin:

Gerard Trueba frå Spania høyrer på norsk rock!

Nicolas Vuillermot er rangert som topp 10 i verda, og trener hardt mot ny sesong. Imponerande presisjon og spenst:

Théau Cortes er Gilles Coustellier sin faste treningskompis. Her demonstrerer han stor styrke og spenst i tre korte klipp, filma i klassisk «Gilles-stil» (elendig vinkel):

Pascal Benaglia med dongeribukse og store hopp:

Diego Barrio, blant Spanias beste trialsyklister, sykler street på høgt nivå:

Matt Gilman er nesten heilt blind, men sykler biketrial likevel. Bruk denne videoen som inspirasjon dei dagane det ikkje går så lett:

Klassiker: Ein av dei mest karakteristiske trialsyklistane nokon sinne, Keita Miyaoka, med klipp frå Echo-movie-01:

God helg!


1 Response

  1. Joachim sier:

    KEITA!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *