Konkurranser, Utenriks

Hermance best på Oz’ Days

7 apr , 2015  

Etter at Koxx Days forsvann frå Buthiers for mange år sidan, har det vore eit tomrom i trialkalenderen. Staden som er kjend for å vere ein av dei beste naturalspotsa i verda er verdig eit skikkeleg arrangement. Heldigvis har Bruno Arnold og Ozonys tatt ansvaret i eigne hender, og arrangerte Ozonys Days 2015.

På Oz’ Days vart det vist fram siste nytt frå Ozonys og datterselskapa Bonz og B1K3. I tillegg hadde dei fleire konkurransar, både for konkurransetrial og streettrial.

Trialkonkurransen gjekk over to dagar, og det vart konkurrert i fem klassar. Eliteklassen var fullspekka med toppsyklistar, og den nysignerte Ozonyssyklisten Giacomo Coustellier vann første dag. På plassen bak kom supertalentet Nicolas Vallee og læremeister Vincent Hermance kom på tredje.

Andre konkurransedag vart prega av dei same tre syklistane. Men, stillinga vart nøyaktig omvendt. Vincent vann, Nicolas på andre og Giacomo på tredje. Dei fem beste gjekk til superfinalen, der dei tre beste vart møtt av Dominik Oswald og Morgan Vassor.

Vincent vann superfinalen med null straffepoeng, tett fulgt av Giacomo med eitt straffepoeng. Nico kom rett bak Giaco, med berre to straffepoeng. Fjerdeplassen gjekk til tyske Dominik Oswald med 11 straffepoeng og femteplassen fekk Morgan med 17 straffepoeng.

Jenteklassen vart vunnen av Nina Reichenbach med null straffepoeng.

Leo Nobile vann streetkonkurransen. Beste kræsj for dagen tilhøyrde Stephane Fontaine, som trynte stygt på eit frontflipforsøk. Han endte dagen på sjukehus med ein knekt arm.

Alle foto er henta frå Tribalzine.

Ein av to Triboulat-brør:
ozonys_days_tribalzine

Giacomo i ein seksjon:
giacomo_coustellier_ozonys_days_tribalzine

Nico Vallee:
nico_vallee_ozonys_days_tribalzine


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *