Konkurranser

Hermance fransk mester

20 sep , 2011  

Ei veke etter VM, vann bronsevinnar Vincent Hermance det franske mestskapet i Super Besse, og tok dermed sigeren samanlagt.

Det vart gjeve bonuspoeng til deltakarar i finalekonkurransen. For eksempel, istadenfor dei normale 200 poengene vinnaren får, fekk han no 220. Kvar ryttar hadde og lov å bruke eit wildcard, som betydde at kun dei tre beste resultata telde samanlagt.

Ekspert og elite hadde originalt tre rundar, men dette vart korta ned til to grunna store nedbørsmengder.

I eliteklassen avslutta Vincent Hermance sesongen med siger i Super Besse, og vann dermed samanlagt. Han hadde hovudrollen i mestskapet denne sesongen, og var jamnleg på podiet. Han missa berre eit løp grunna worldcup (men dette gjekk bort pga. wildcardet). I Super Besse fullførde han med 21 poeng leiing over Nicolas Vuillermot og Guillaume Dunand, som var slitne etter 34 poeng. Aurelien Fontenoy og Kevin Aglae fullførde topp fem.

Med to sigrar og 570 poeng, tok Hermance samanlagtsigeren. Han slo Marc Caisso, landslagstrenaren for Frankrike, som vann i La Mongie. Nicolas Vuillermot kom på tredje framfor Dunand og Fontenoy.

Eliteresultat
1 HERMANCE Vincent 13,0
2 VUILLERMOT Nicolas 34,0
3 DUNAND Guillaume 34,0
4 FONTENOY Aurelien 36,0
5 AGLAE Kévin 40,0
6 CAISSO Marc 43,0
7 VASSOR Morgan 45,0
8 TOLU Maxime 45,0
9 DUNANT Yann 49,0
10 TOURNIER Florian 54,0
11 GRENIER Anthony 58,0

Kjelde: Trial Inside / Rocky Roads


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.