Innenriks, Konkurranser

Invitasjon og påmelding til NC 3 og NM

11 mai , 2016  

Her kjem invitasjonen til NC 3 og NM, samt litt informasjon. Dette blir ein trialfest!

Link til invitasjon (PDF): Invitasjon-NC-3-og-NM-norheimsund

Påmelding og all informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til arrangementet: nm.biketrial.no. Ikkje vent med å melde deg på!

NC 3 vil i tillegg til å vere noregscup, ha internasjonal C1-status. Det betyr lite for dei alle fleste, men vil gje høgare nivå i eliteklassen, og truleg fleire deltakarar totalt. Fleire internasjonale deltakarar er allereie påmeldt!

Dugnadsgjengen i KBT og Hardanger SK jobbar på spreng for å få klart eit 100% ommøblert område. Alle seksjonane blir nye frå i fjor, og truleg endå betre. Du kan sjå bilete på biketrial.no sin Instagram: instagram.com/biketrial.no/ eller sjekke arrangemenetet sin egen hashtag: #NORHEIMSUND2016.

, , ,


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *