Konkurranser

Invitasjon til NC3 på Ekstremsportveko

10 apr , 2013  

Her er invitasjonen til den tredje runden av NorgesCupen i Trial. Konkurransen er ein del av Ekstremsportveko, og vil bli arrangert onsdag 26. juni i Bavallen, Voss Resort.

Alle seksjoner vil vere spesialbygde for anledningen, med morosame og skikkeleg ekstreme hinder.

Programmet for trial på Veko vil i tillegg bestå av fellessykling på kule spots, og speedtrialskonkurranse laurdag 29. juni på Torget på Voss. På toppen av dette, får du den unike stemningen som berre Ekstremsportveko kan gje deg. Flest mogleg burde sette av heile veka, frå 23. til 30. juni, og delta på så mykje som mogleg. Det vil bli konsertar, workshops, festar og mykje anna moro.

Sjå invitasjonen for all informasjon:
Invitasjon2013_NC3_Ekstremsportveko

Påmelding skjer på Min Idrett, ved å logge inn med brukarnamn og passord her: http://minidrett.nif.no.

Vil du vite meir om Ekstremsportveko og alt som skjer der, sjekk http://www.ekstremsportveko.com

Sjå video frå konkurransen i fjor:

Foto: Nils-Erik Bjørholt.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.