Nyheter, Utstyr

Koxx Entry 2012

18 jan , 2012  

Koxx lanserte i fjor fleire sykkelmodellar berekna på nybyrjarar. Tre ulike modellar med tre ulike bremsealternativer. Alle har 20″ hjul, og er tydeleg basert på tidlegare modeller frå Yaabaa.

I 2012 får 549 nye fargar. I tillegg kjem det ein ny modell med Magurabremser som heiter 799 (mulig oppgradering frå 749). Begge desse får spennande fargekombinasjonar. Det er altså slutt på keisame syklar i svart og kvit.

Med vekt på rundt 9,5 kilo, gode dekk og mange deler i aluminium, viser Koxx at dei tar dei minste på alvor. Det er altså ikkje dårlegare komponentar på nybyrjarsyklane, men kun tilpassa geometri for mindre syklistar.

Dei nye modellane skal vere tilgjengelege i Frankrike frå februar, og startar på 599 euro (ca. 4500 NOK).

599

799

I tillegg til desse to modellane, finn ein 749 og 1049 frå før. Det er uvisst om desse vil bli vidareført for 2012. Her er iallfall 2011-modellane:

749

1049

For meir informasjon, besøk www.koxxtrial.com

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.