Innenriks, Nyheter

Lisensinformasjon

26 mar , 2011  

Her følger informasjon om lisensar for biketrialutøvarar. No er biketrial i ferd med å bli ein organisert idrett i Noreg. Dette er det både positive og negative reaksjonar på, men desse som tolkar det negativt kan fint leve eit liv upåverka av organiseringa. Ei organisering er naudsynt for at rekrutteringa og nivået skal auke.

Etter at alle aktive syklistar vart oppfordra til å melde seg inn i lokale, eksisterande sykkelklubbar, er det no aktuelt å løyse lisens. Ein lisens gjev deg konkurranseforsikring, og er obligatorsk i alle typer tidtatte ritt (ein har maksimaltid i biketrial, ergo tidtaking). Desse koster frå 0-785 norske kroner, avhengig av alder og nivå. Ta kontakt med sykkelklubben din, og dei vil gje deg riktig lisenstype og pris. Det er mogleg å løyse eingongslisensar på stevner óg, men desse gjelder ikkje alle typar konkurransar (t.d. konkurransar med eliteklasse).

Skal ein konkurrere i regi av UCI utanfor Norden, må ein i tillegg teikne ei reiseforsikring.

Du finn informasjon om forsikring i lisensane her: http://www.sykling.no/sportslig/Sider/Forsikring.aspx

Meir informasjon om lisensar her: http://www.sykling.no/sportslig/lisenser/Sider/Lisenser.aspx

Ønsker du å ha ein konkurranse på din heimstad? Då må du få din klubb til å stå som arrangør, og melde inn konkurransen til NCF. På denne måten vil lisensane gjelde, og utøvarane er dermed forsikra. Det skal kome på plass regelverk på norsk, instruksjonar for bygging/sikring/godkjenning av seksjonar, informasjon til funksjonærar og dommaropplæring etterkvart.

Har du spørsmål? Bruk kommentarfeltet under, og me skal gjere vårt beste for at dine spørsmål blir besvart.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *