Nyheter, Utenriks

Marc Caisso blir landslagstrener

18 mar , 2011  

Marc Caisso er ny trenar for det franske biketriallandslaget. Han tok over etter Bruno Janin, og har dermed mykje å leve opp til. Under Bruno sitt leiarskap fekk Frankrike 48 medaljar, kor 15 av dei var gull.

Caisso er rekna som ein av dei mest erfarne biketrialutøvarane i Frankrike, med enormt lang erfaring og stor suksess, sist med tredjeplass i VM.

Under følger utdrag av eit intervju gjort av vår partner Trial Inside:

Trial Inside: Korleis vil det vere å trene konkurrentane dine frå i fjor?
Caisso: Eg vil vere Marc Caisso, han dei allereie kjenner. Eg tar denne rollen veldig seriøst, og eg er motivert og overbevist om at i 2011 vil me forsvare mange medaljer. Eg vil halde fram med å ha same visjon som Bruno hadde, men vil sjølvsagt legge til min eigen vri.

Trial Inside: Vil denne endringen styrke det franske sykkelforbundet? Biketrial er ei stor kjelde til medaljar for forbundet.
Caisso: Eg vil gjere mitt beste for å oppnå dette.

Trial Inside: Vil du delta i konkurransar sjølv?
Caisso: Ingen fleire internasjonale konkurransar for meg. Kanskje eg deltar i den franske cupen.

Caisso vil trene kanskje verdas sterkaste landslag, med blant anna brødrene Gilles og Giacomo Coustellier, Vincent Hermance og Aurelien Fontenoy.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *