Nyheter, Utstyr

MilkyWay frå Italia

24 mar , 2011  

Me tok ein prat med nyoppstarta MilkyWay, eit italiensk merke som lager komponentar til biketrial. Dei har store ambisjonar og har til no gjort fleire innovative design.

Kvifor starta de å lage biketrialdeler?
Me starta å designe biketrialdeler fordi me ville overføre høgteknologiske løysningar frå superbike, motorcross og biomekaniske felt til vår lidenskap: biketrial. Biketrial har til no hatt få innovative konsept, og me tenkte the var på tide å «la hjulene rulle».

Kva inneheld sortimentet foreløpig?

The Gummy

Me fann opp og patenterte den første dempa bashringen på markedet: the Gummy, som er det ultimate konseptet innan bashringteknologi. Takka vere støtdempande elastomerer, motvirker dette at lager, akslingar og sveisingar vert øydelagt på grunn av direkte støt mot sykkelen.

Seinare designa og produserte med det første tangentielle navet for biketrial. Dette designet skaper eit enormt sterkt hjul sidevegs, og er effektivt for både street og natural. Tangentielle nav har rette eiker, og det er på grunn av dette det er sterkare og tryggare: rette eiker vil ikkje knekke i bøyen, rett og slett fordi det ikkje er noko bøy å knekke i. Vidare, utan bøy på eikene, vert dei stivare og gjev hjulet ein enorm styrke på krefter og slag som virker sidevegs.

For å spare vekt på framnavet vårt, valgte me ein tradisjonell løysning. Dette tillét oss å ha ein av dei lettaste framnavene på markedet, med ei totalvekt på berre 62 gram.

Kva komponentar planlegg de å lage framover? Eit komplett tilbod?
Framover ønsker me å designe og realisere ein komplett sykkel frå MilkyWay. Men, sidan dette er ei veldig stor oppgåve, har me dette målet ganske langt fram i tid.

I dei neste månadane vil me i staden for prøve å realisere våre første krankarmer og alt av cnc-maskinerte tilbehør som bremsehendlar, bremsefester, superlett bashring, ein dobbel versjon av the Gummy, eit supersterkt streetnav, komplette hjul og andre innovative komponentar.

Er vekt eller styrke mest viktig?
Me prøvde å designe Helium for å vere det lettaste og det sterkaste baknavet for biketrial, og dette klarte me. Med ei totalvekt på berre 150 gram og ein hjulstyrke utan samanlikning på markedet.

Når det er sagt, så er MilkyWay sin filosofi ganske realistisk, og difor har me bestemt oss for å lage to ulike komponentlinjer:

  • Supernova – Lettvekt for konkurranse
  • Pulsar – ekstra sterkt for street

Saman danner desse to linjene  grunnlaget for MilkyWay sin filosofi, ein kombinasjon av lett vekt og høg styrke.

Har dei ei nettside?
www.milkyway-procects.com er oppe allereie. Dessverre har me opplevd litt problem, så utviklinga av sidene går litt sakte framover. Men, det vil bli ei bra nettside til slutt, som du kan sjå er det allereie ein del oppe.

Korleis er interessen frå andre syklistar?
Interessen for produkter frå MilkyWay er stor frå syklistar over heile verda. Me mottar dagleg epostar og forespørslar om informasjon, og det er difor me presser hardt på for at produksjonen og oppstarten av firmaet skal tilfredsstille alle så raskt som mogleg. Me hadde ein litt treg start, fordi me såg at det kom til å bli stor suksess, så me bestemte oss for å få fullt styringssystem og produksjonslinjer, i staden for å lage vanlege «aftermarket»-produkt. Denne avgjerda vart gjort undervegs, men me trur det vil vere eit lønnsomt valg etter at oppstarten er over.

Sist søndag møtte me Benito Ros og Gilles Coustellier på den første italienske konkurransen, og dei gav oss begge veldig oppmuntrande kommentarar rundt baknavet Helium for både 20″ og 26″, samt bashringen Gummy.

Heliumnavet

Me kan óg stole på dei beste italienske syklistane, som jobbar med å utvikle produktene våre: dei har allereie konkurrert og sykla street med Helium-navet og bashringen Gummy. Dette for å gje våre framtidige kundar dei best utvikla og tryggaste komponentane. Kvar einaste syklist som har prøvd produktene våre har fått gode inntrykk av dei, og seier dei kan kjenne skilnaden frå andre tilsvarande produkt dei har testa. MilkyWay lar deg kjenne på innovasjon.

Vil alle delane dykkar ha unikt design, eller vil de bruke velprøvde løysningar nokre gongar?
Som allereie nemnt, vil framnavet vårt ha tradisjonelt design. Me fokuserer mest på ytelse. Der me trur me har gode idear med innovativt design, så realiserer me dette. Om noko allereie fungerer utmerka, vil me prøve å utbetre desse allereie gode løysningane.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.