Innenriks, Nyheter

Nordays dag 3

3 aug , 2011  

Tredje dag av Nordays 2011 starta akkurat like bra som dei to første. Med stort sett same program som gårsdagen, var det duka for hard trening og god lærdom. Dette var dagen før konkurranse og tipset var å ta det litt roleg. Dette vart sjølvsagt forkasta av ivrige trialsyklister, sjølv om nokre byrja å kjenne mykje sykling på kroppen. Som til dømes Bernt Erlend sine hender, avbilda over. Saman med slitne kroppen, fortsatte progresjonen i full fart, og det var tydelege forbetringar teknisk.

Fleire av ledarane måtte bruke store deler av dagen på seksjonsbygging, og gjorde siste førebuingar lenge etter leggetid. Likevel fekk dei fleste anledning til å besikte seksjonane, og finne seg gode linjevalg.

Seminaret denne dagen handla om mental trening, og vart halde av Marius Dammyr. Fleire fekk augene opp for kor viktig det mentale er for å bli betre i biketrial (og alle andre idretter).

Syklingen var vekta mot seksjonstrening med dømming, slik at flest mogleg skulle få litt styring på korleis neste dag skulle bli. Det vart i tillegg gjennomført eit kort dommarmøte, som muligens skapte fleire spørsmål enn svar. Reglementet er omfattande, og det er mange scenario me ikkje heilt veit korleis skal dømmast.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *