Innenriks, Nyheter

Nordays dag 4

3 aug , 2011  

Siste dag på motorsenteret, og konkurransedag. Med rekordstor påmelding, sjølv om 15 påmeldte kan høyres lite ut, var det klart for andre uoffisielle norgescuprunde (nøyaktig éin månad sidan sist). Konkurransestart var 12:00, med besikting, sykkelsjekk og registrering før dette. Det var fire klasser; nybegynnar, vidarekomne, ekspert og elite, fordelt på to seksjonssett. Nybegynnar og vidarekomne i eitt sett, ekspert og elite i det andre. Kvar klasse skulle gjennom seks ulike seksjonar, og to rundar. Dette hadde dei tre timar på å gjennomføre. Med mangel på dommarar, var det éin dommar per to seksjoner, men dette gjekk strålande bra.

Nybegynnarklassen hadde fire startande, der yngstemann var 15, og eldstemann var 21. Vinnaren vart Herman Blindheim frå Valldal Biketrial, med 9 straffepoeng totalt. Like bak kom Bernt Erlend Fridell med 13 straffepoeng. Dette var andre konkurranse for Bernt Erlend, og med ujamn oppslutning betyr dette at han ligg på førsteplass samanlagt etter den uoffisielle rankingen (femteplass på Ekstremsportveko). Det er tydeleg forbetring frå sist. Tredjeplass gjekk til Anders Dale, frå same klubb som vinnaren, med 42 poeng totalt. Fjerdeplass i klassen gjekk til Rune Øyri, frå Hardanger Sykkelklubb, som var klubben med fleste deltakarar i konkurransen. Rune trekte seg etter første runde av ukjente årsaker.

Kristian Schea Bergersen

I vidarekomneklassen var det kun to startande, men desse var til gjengjeld svært dyktige. Førsteplass gjekk til stortalentet Joakim Sætre med 12 prikker totalt. 17-åringen, som er svært dyktig på motortrial, viste at erfaringen han har frå seksjonskøyring betalte seg godt. På andreplass kom Kristian Schea Bergersen, med 26 straffepoeng totalt. Han har nyleg starta å sykle aktivt, og er i likskap med Joakim eit kjempetalent.

Kristoffer i 2003

I ekspertklassen var det klart for skikkeleg hardkøyr, der samtlege frå konkurransen på Ekstremsportveko deltok. Førsteplass gjekk til Mads Lexander med 15 prikker totalt. Han viser tydeleg kor dyktig han er blitt, og det er snakk om lite trening før han kan starte å sykle i eliteklassen. På andreplass kom Tore Andre Andresen, med 47 prikker totalt. Dette er same plassering som under Ekstremsportveko, og det er dermed uforandra i samanlagtstillingen. Med tre prikkar meir enn Tore Andre,

Ekspertpodiet

kom Christoffer Valland på ein sterk tredjeplass. Det var med andre ord ein skikkeleg duell mellom dei to treningskameratane. Christoffer viser stadig utvikling etter han tok opp biketrialsykling for fullt etter eit par år med uregelmessig trening. Nykommar Kristoffer Skjævestad, bror av Joachim med same etternamn, kom på fjerdeplass. Dette er første konkurranse for Kristoffer sidan femteplassen han fekk i klasse C under Biketrial Sør sitt klubbmesterskap i 2003. På femteplass kom vår kjære franskmann Antoine Proust, som valgte å bryte etter første runde. Dette resulterte i 89 prikker.

Eirik Ulltang

Så var det eliteklassen, med fire startande. Knut Fosse og Mattias Einbu var sakna, og med deira deltaking kunne konkurransen blitt endå meir spanande. På ein sterk førsteplass kom Thomas R. Aasen med 31 straffepoeng. Dette har vore det store målet til Thomas etter at underteikna slo han i første konkurranse under Ekstremsportveko. På andreplass kom no underteika, Eirik Ulltang med 39 straffepoeng. Dette betyr at det er delt førsteplass i den uoffisielle norgescuprankingen. På tredjeplass kom Joachim Skjævestad, med 52 straffepoeng. På grunn av eit mekanisk problem, fullførte han dei tre

Eliteklassen

siste seksjonane utan framdekk. Med kun tre straffepoeng på siste seksjon, er dette svært imponerande. Han ligg no på tredjeplass totalt sett også. Fjerdeplassen gjekk til Erik Solbakken, med 60 poeng.  Dette var første konkurransen til Erik på norsk jord, og han har dermed mindre erfaring enn topp tre.

Konkurransen var alt i alt vellukka, og seksjonane var svært bra. Med 31 poeng til førsteplass i elite, er det iallfall ikkje for enkle seksjonar. Det er mulig nybegynnarseksjonane var litt enkle, men målet her er å inspirere folk til å fortsette, ikkje miste all motivasjon. Resten av dagen vart brukt til premieutdeling, pizza frå Peppes, endå meir sykling og mykje bading. Det var ein tydeleg svært sliten gjeng som la seg rekordtidleg, med tre timar konkurransehardkøyr i kroppen.

Joachim Skjævestad

Så er spørsmålet; når er neste konkurranse? Med delt førsteplass i elite, er det heilt klart naudsynt med endå ein runde. Me overlater herved ansvaret til Sola CK og Antoine Proust til å arrangere, og gleder oss til eit flott arrangement i haust? Er det greit Antoine?

Ein stor takk til alle som gjorde konkurransen mogleg; alle dommarane, sekretariatet med Sophia og representantar frå Follo SK, mekaniker Jørn og alle andre frivillige.

Dagens video:

Resultatliste

Elite:
1. Thomas R. Aasen 31
2. Eirik Ulltang 39
3. Joachim Skjævestad 52
4. Erik Solbakken 60

Ekspert:
1. Mads Lexander 15
2. Tore Andre Andresen 47
3. Christoffer M. Valland 50
4. Kristoffer Skjævestad 54
5. Antoine Proust 89

Vidarekommen:
1. Joakim Sætre 12
2. Kristian Schea Bergersen 26

Nybegynnar:
1. Herman Blindheim 9
2. Bernt Erlend Fridell 13
3. Anders Dale 42
4. Rune Øyri 101
5. Gaute Ulltang DNS

Alle foto: Pål Stenberg / NCF


1 Response

  1. […] “Ekspert”, i tillegg til at Thomas stakk av med førsteplassen i klassen elite under Nordays 2011. Det er ikkje berre gode resultat i konkurranser denne byen produserer. Thomas, Mads og Christoffer […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.