Innenriks, Konkurranser, Nyheter

Norgescup i Bergen

16 jul , 2014  

12. og 13. juli var det Norgescup i Bergen. Mads Lexander & co. hadde stelt i stand eit heidundrande bra arrangement, med velbygde seksjonar og eit generelt bra opplegg (hadde sal av vafler og masse premiar). Det var i overkant av 20 syklistar med begge dagar, som er ein god del fleire enn i fjor. Rekrutteringa går svært sakte, men ganske sikkert.

Nybyrjarar
Det var kun tre syklistar med i nybyrjarklassen i begge ritt. Truleg er dei fleste trialinteresserte nybyrjarar blitt tvinga med foreldra på sydenferie. Stakkars! Lokalhelten Dennis Eliassen (Vestkant Trial Sykkel) tok sigeren begge dagar, og ringreven Nikolai Kjos Høivik (Hardanger SK. Beste klubben!) havna på plassen bak. Vetlebror Eliassen (Vestkant Trial Sykkel) tok tredjeplassen. Sjukt bra innsats av samtlege!

Vidarekomne
Vidarekomenklassen var den mest talrike begge dagar. Sju syklistar på NC2 og åtte syklistar på NC3 (Gaute Ulltang kunne ikkje sykle NC2 pga. jobb). Even Lippestad (Smålenene SK) vann begge ritt, med 10 straffepoeng på laurdagen og 21 straffepoeng på sundagen. På andreplass kom Isak Aspevik (Vestkant Trial Sykkel), òg begge dagar. På NC2 var vidare plasseringar Vetle Lynghaug (Arendal CK) på tredjeplass, Sander Haugrud på fjerdeplass, Tore Hunskår på femteplass, Bernt Kristiansen (Hardanger SK) på sjetteplass og Hassan Al-Almeri på sjuandeplass. Bernt hadde slått Tore om han hadde gidda å sykle dei to siste seksjonane (og fått mindre enn sju prikkar).

På NC3 vart resultatet nesten det same. Men, Vetle blei skvist av pallen, og Sander Haugrud fekk tredjeplassen. For alle utanom Even vart det ein den lågare poengsummar på sundagen.

Ekspertane
I ekspertklassen var det fire syklistar i begge ritt. La oss først ta NC2. Vegard Fosse køyrde sitt tredje ritt nokon sinne, og er veldig motivert etter fleire år utan sykling. Han klinka til med siger med 37 prikkar. På andreplass kom Håkon Sveistrup, som har vore borte frå konkurransescena sålangt i år. Han fekk 56 prikkar. Tredjeplassen gjekk til Vegard B. Bjørø med 70 prikkar. På fjerdeplass kom rutinerte Tore Andre Andresen med 74 prikkar.

NC3: Frå ein skuffande fjerdeplass på NC2, moste Tore Andre til med ein førsteplass på NC3, med kun sju prikkar. Nøyaktig like mange prikkar hadde Vegard, med nøyaktig like mange nullarar, einarar og femmarar. Men, Tore Andre var ein halvtime raskare enn Vegard, og stakk av med sigeren. På tredjeplass kom Håkon med åtte prikkar og fjerdeplassen gjekk til Vegard med 22 prikkar. Betrakteleg enklare seksjonar denne dagen!

Eliten
I eliteklassen var det seks syklistar begge dagar. Førsteplassen gjekk til Eirik Ulltang frå Hardanger Sykkelklubb. Han fekk fem prikkar totalt. På andreplass kom Joachim Skjævestad (Kristiansand CK) med 71 prikkar. Han slo Mads Lexander (Vestkant Trial Sykkel) på totaltid, ettersom dei hadde samme score og like mange 0, 1 og 5. Fjerdeplassen gjekk til Erik Solbakken (IK Hero), tett bak med 74 prikkar. Femplassen til Knut Fosse (Hardanger SK) med 76 prikkar og femteplassen til Kristian S. Bergersen (Follo SK) med full score, 90 prikkar.

Ettersom det var mange med høge poengsummar på NC2, gjorde Mads & co. det enklare til NC3. Eirik vann med 16 prikkar, Joachim tok igjen andreplassen, med 40 prikkar. Knut på tredjeplass med 42 prikkar, Erik på fjerde med 44 prikkar, Mads på femte med 46 prikkar og Kristian på sjetteplass med 89 prikkar.

Samanlagtresultatet i Norgescupen er dermed som følgande:
1. Eirik Ulltang 1800 poeng
2. Joachim Skjævestad 1380 poeng
3. Erik Solbakken 1200 poeng
4. Mads Lexander 1110 poeng
5. Knut Fosse 750 poeng
6. Kristian S. Bergersen 600 poeng

Neste ritt
Neste ritt blir i Kongsberg, på Heistadmoen Leir (der innehallen er) den første helga i oktober. Så, sett av datoane 4. og 5. oktober, så blir det ei skikkeleg trialhelg. Arrangørane planlegg mykje moro i tillegg til NC-ritta, så dette vil du ikkje gå glipp av. (NB: dato er ikkje bekrefta, følg med på biketrial.no for info!).

Resultat (PDF)
NC2: resultat NC2_2014
NC3: Resultat NC3_2014

Alle foto: Lexander/arrangør

IMG_0632

IMG_0542

IMG_0544

IMG_0551

IMG_0555

IMG_0560

IMG_0650

IMG_0682

, , ,


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.