Konkurranser, Nyheter

NorgesCupen 2013

30 nov , 2012  

No er alle datoar endeleg bekrefta, og fullstendig liste med NorgesCupar i Trial for 2013 er klar. Det er fleire spennande konkurransar, på nye stader. I tillegg til eigne arrangement, blir det heile tre konkurransar saman med utfor, både i Eikerapen, på Ekstremsportveko og i Hafjell. Sistnemnde saman med verdscupen i utfor.

Ulikt 2012-sesongen, som varte kun éin god månad, varer neste sesong i seks månadar. Det blir med andre ord lengre tid mellom kvar konkurranse, og betre tid til å forbetre seg. Gleder folk seg til NorgesCup Trial 2013?

Kalender NorgesCup Trial 2013:

NC1: 16. mars, Bergen
NC2: 11. mai, Eikerapen
NC3: 26. juni, Voss
NC4: 3. august, Oslo
NC5: 14. september, Hafjell


Foto: Hans Jørgen Morvik. Syklist: Eirik Ulltang i Bergen.

Meir informasjon om kvar enkelt konkurranse kjem utover nyåret. Kategoriane blir dei same som 2012, med nybyrjar, vidarekomen, ekspert og elite. Det blir ikkje mogleg å bytte kategori innanfor sesongen utan godkjenning av greinutvalet i trial.

Les meir på sykling.no.

Artikkelfoto: Nils-Erik Bjørholt. Syklist: Mads Lexander. Location: Ekstremsportveko 2012, Voss.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *