Innenriks, Nyheter

Portrettet: TRA

9 nov , 2011  

Thomas Remvik Aasen har vore ein del av det norske biketrialmiljøet i vel 15 år. Han har vore med å pusha grensene for kva som er mogleg, både nasjonalt og internasjonalt. Det var lenge sidan sist me hadde snakka med Thomas (TRA om fortid, notid og framtid). I samband med ei utanlandsreise han hadde nyleg, tok biketrial.no kontakt, og stilte han nokre få spørsmål. Her er resultatet!

Thomas var nyleg på tur til USA, der han levde i eit draumeland i omlag tre veker. Vanlegvis forsiktig med superlativene, uttaler han at turen var «svært herlig».

– Fortell oss litt om turen Thomas, kvifor reiste du?

– Wallmart arrangerer trialkonkurranse kvart år i Bentonville. Han er amerikaner, og har sjølvsagt høgare mål enn han nokon gong kjem til å oppnå. Men, dette er ein bra ting.

– Bentonville?

– Bentonville er ein liten by, men terreng- og landevegssykling er svært populært i traktene, samtidig som amerikanerene der er entusiastiske, og liker at folk går sine eigne vegar. «Free country», det er mykje lettare å få aksept i USA om ein driv med ein alternativ sport.

Det er ikkje gratis å reise til Amerika, og ein fattig, norsk trialsyklist har ikkje så veldig mykje kapital å disponere. Dette ordna seg med at ein av konkurransearrangørene, Gary Vernon, betalte fly, gav Thomas lommepenger og frista med flotte konkurransepremier. – Dette gjorde han med intensjonen for å gje konkurransen høgare status, seier Thomas. Dette klarte han, og mange tok turen, og skapte ein «knallsuksess», i følge Aasen sjølv. Publikum jubla som aldri før, og Thomas gjekk av med sigeren. Ni gongar amerikansk mester, Mike Steidley tok andreplass, 38 prikker bak Thomas sine 5. Det er definisjonen på utklassing.

Sjølv om konkurransen var ein stor suksess, var ikkje dette hovudgrunnen til at Thomas takka ja til turen. – Det var for å kunne reise rundt i USA og leike meg, seier han. Dette var ikkje fullt så suksessfullt, med lite tid på kvar stad. Men, han hadde tross alt ingenting å klage over, – og gjorde ikkje dette heller, det var fantastisk, legger han til.

Den mest minneverdige staden han sykla på var Vedauwoo Park (ekstern), – Heilt utruleg bra for trialsykling, det er som skapt for det. Store steiner med run-ups og godt grep. Parkeringen skjer rett ved sidan av, og toalett og rasteplass er på plass. Heilt utruleg, her skal eg tilbake ein gong, seier Thomas entusiastisk.

I Norge er ofte transport eit problem, og trialsyklistene er stort sett ungdommar. Kontrasten er stor til USA: – Første dagen sykla eg med folk frå 19 til 50 år. Alder er tydelegvis ingen hindring. Thomas fortsetter: – Dei støtter (dei eldre) her, og ser potensiale i ting som mange nordmenn ikkje gjer. Sjølv om fleire er naive og dumme som brød! Haha!

Nivået er heller ikkje heilt likt som i Europa. – Mike Steidley er best, mens Dave Campbell og «TTown» Jon henger rett etter, meiner Thomas. Sjølv om Mike har sykla i mange år, klarer han såvidt å halde avstanden ned til dei andre. – Dei hadde bedre teknikk enn Mike mange plasser, presiserer Thomas, og henviser til Dave og Jon.

Thomas budde hjå Eric Grimmet og Keshari Thakali. Eric var og besøkte Thomas i Bergen tidlegare i år (Erik Grimmet besøker TRA). – Det var Eric som pusha Gary Vernon litt ekstra for å få meg over.

I vanleg roadtripstil køyrde dei 320 mil i løpet av turen, frå Arkansas til Colorado og tilbake. Skal Thomas trekke fram det mest skuffande, var dette tidsmangelen i spesielt Colorado. Der hadde han nemleg planer: – Eg hadde planer om å gjere det meste eg hadde sett Vincent Hermance gjere på videoene av då han var der. Men dette gjekk ikkje som planlagt, og dei hadde lite tid, samtidig som Thomas var sliten. Likevel fekk han ta ein mykje omtalt fronthook, på sin eigen måte. – Eg tok hooken svært enkelt med berre ein rotasjon, og lo godt!

Du er no tilbake frå USA, og har landa trygt i Bergen. Kva gjer du på om dagane?

– No om dagane fokuserer eg mest på å få alt i orden med traprod og ting rundt det. Prøver òg å få til sponsoravtaler.

Kva er planen framover då?

– Eg føler heile tida at min trialkarriere er snart omme. Eg orker ikkje lenger berre gå ut og sykle, eg må ha eit mål som er verdig til at eg skal orke å gå på sykkelen.

Thomas sliter tydelegvis med motivasjonen, og er på eit stadie der han ikkje heilt veit kva retning han skal satse. Han må på nytt «finne seg sjølv».

– Eg har stort sett berre interesse for å gjere ting som er «annerledes» og spennande. Eg kjem til å satse meir på street og «flashy moves», som er definitivt meir publikumsvenleg.

Thomas finn seg sjølv (artikkelen fortsetter under innstikket):

Men, ein ting er iallfall sikkert, og det er at «TRA the DVD» skal ut før han slutter. – Det har eg lenge hatt ønske om å gjere, og må klare å gjennomføre det før kroppen er for gamal til dei idiotisk farlige tingene eg har lyst/må utføre.

Dette starter han ikkje på før han har finansiell støtte. – Eg hadde kontakt med ein ifrå Mongoose i USA som var svært interessert å få meg på Mongoose. Men, han satt dessverre ikkje i markedsavdelingen, seier ein litt skuffa Thomas. Men han er ikkje i tvil:

– Om USA kaller på meg, og eg får mulighet til å tjene godt på å sykle i USA, då reiser eg dit.

Du har laga ein ny video, som tar for seg dei 15 siste årene av ditt liv i sporten. Korleis har biketrial utvikla seg denne tida, meiner du?

– Utviklingen har hoppa opp og ned, vilt fram og tilbake, starter Thomas. Han meiner utviklinga er kome så lang, at syklene fungerer utmerka til trial, men ikkje til «ein dritt anna». Dette syns han blir litt kjedelig, men samtidig spennande, ikkje minst med tanke på mentaliteten ovanfor høgde og lengde. – Eg syns det er spennande, men til tider litt kjedeleg og tamt. Men, uansett korleis ein ser på det, så har biketrialsporten hoppa noko utruleg i nivå desse 15 årene.

Sjå videoen her (artikkelen fortset under innstikket):

Biketrial i Norge då? Har du nokon tanker om det?

– Biketrial i Norge? Vel, fortsetje i denne kursen kor me går inn for konkurranser kvart år, og eit samarbeid om å betre det sosiale miljøet. Det er ikkje så utruleg mykje me kan gjere, det avhenger mykje av utanforståande om å sjå potensialene i sporten.

Thomas ser helst at biketrialmiljøet blir meir sjølvstendig, og klarer å opprette eigne treningstilbud:

– (Me må få) dedikerte klubber, som har sine eigne respektable områder/innandørshaller, slik at me ikkje berre er eit sideshow for motortrialklubbene.

Noko du vil seie til slutt?
– Hopp og stå på vidare alle saman! Biketrial er tungt, psykisk vanskeleg, dyrt og motgang ifrå mange hald. Elsk det eller byrje med noko anna! Det var min «clever sentence of the day»!

Takk til Thomas for intervjuet.

Linker:

Thomas har nyleg oppdatert fleire av nettsidene sine:
Traprod, produksjonsselskapet til Thomas: http://traprod.net/
Alle videoene til Thomas: http://travideos.net/
Thomas’ personlege heimeside: http://trarider.webs.com/

Nyt siste video frå Thomas R. Aasen her:


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.