Nyheter, Utstyr

Nytt frå Magura

6 aug , 2010  

I september vil det bli lansert ein ny versjon av legendariske Magura HS33 og vetlebroren HS11. Begge bremsene vil få store og nødvendige oppdateringer. Det er som vanleg store diskusjoner om det nye designet, nøyaktig som det var i 2005.  Men, det ser ut som folk flest har funne ut at oppdateringen i 2005 var bra, og at sannsynligvis vil det samme skje i 2010.

Den kanskje viktigaste oppdateringen er valget av nytt materiale, spesialutvikla av Magura. Det skal vere stivere, sterke og meir holdbart. På den måten vil ein unngå at gjengene blir sprengt i hovud- og slavesylinder, og at hovudsylinderen knekker. Det nye hovudsylinderdesignet har heller ikkje det berømte hjørnet som fører til at han knekker.

For veldig mange er også nyheten om ein oppdatert festemekanisme for hovudsylinderen interessant. No har klemma to skruer, og mulighet for å ta av sylinderen uten å ta av holkene. Det vert kalla Magura Quickfit, og gjer montering og demontering mykje enklare. Hovudsylinderen kjem i flipflopdesign, og skal kunne brukast like godt på begge sider. Dette er bra med tanke på at syklar frå England ofte har omvendt oppsett enn me har i Norge. Bremsa er i tillegg oppdatert med nytt luftesystem, Easy Bleed Technology (EBT), same prinsipp som det er på Maguras skivebremser. Dette skal vere idiotsikkert, og gjere luftinga endå lettere enn ho er idag – om det går!

Hendelen kjem i fire- og tofingersversjoner. I det siste har firefingersversjonen til 05-bremsa vore veldig populær, og er nærmast standard.  Det har gått rykter om at det ikkje er mulig å skifte hendelen, men dette skal vere mulig. No er det ikkje skure, men ein splint som fester hendelen til hovudsylinderen. Dette er likt som ein finn på Echo sine hydrauliske bremser, og fører til at hendelen ikkje skrur seg ut og er laus.

Dei fleste har nok sett at slangane har ein tendens til å bli veldig slitte i festepunkta til hovud- og slavesylindaren. Dette er no utbetra med meir beskytta overganger, og festepunktet er innfelt i plast. Hovudsylinderen har ein oppdatert Turbo Pad Adjuster (TPA), som forhåpentligvis har betre gjenger enn forgjengaren.

Bremsa er produsert og designa i Tyskland, noko som iallfall betyr at produksjonskvaliteten skal vere høg. Det er ingen tvil om at tysk ingeniørkunst har høg stjerne internasjonalt.

Mange har tidlegare fått problemer med slavesylinderen, og at denne tar borti krankarmane. Det er no ein oppgradert slavesylinder, som er mindre og smekrare, saman med ny Magura-logo.

Det har svirra mykje diskusjon rundt på ulike trialforum, og særleg folka på Tartybikes har mykje god informasjon å tilføye desse diskusjonane. Brukaren Onzaboymark på TF seier at dagens versjon (05), vil eksistere vidare, og få namnet ‘Classic’. Han seier at den nye versjonen (10) er kun meint for å gjere det lettare for produsentar som sel komplette syklar med HS-bremsar. Adam hjå Tarty seier derimot at Magura vil lage ein trialspesifikk bremse, og at dei jobbar med å skaffe prøvar av denne.

Men, Mike Poyser hjå Onza seier han har fått informasjon frå sikre kjelder, der dei seier at 2010-versjonen vil erstatte 2005-versjonen. Han seier òg det er ingen planar for ein trialspesifikk versjon. Han meiner i tillegg at HS11-bremsen vil bli mest populær, då det kun er utsjånad og pris som skiljer desse frå kvarandre.  Kjenner ein trialmiljøet, er nok vekt det viktige, og der er det naturleg å tru at HS33 vinn!

Som ein ser, er det store mengder usikre kjelder, motstridande fakta og diskusjonar som svirrar rundt på nettet. Det er eigentleg berre å vente i spenning til september, og ta i mot den nye versjonen med opne armar og opent sinn. Forandring og utvikling er som oftast positivt når det gjeld teknologi.

Bileta er henta frå Tarty Bikes’ blogg.

[nggallery id=2]

, , ,


2 Responses

  1. Tom Erik Solberg sier:

    Nice, dette kan bli spennende! Vet du om de blir noe dyrere enn di nåværende hs33 bremsene?
    Og er det carbon på bodyen?

    • admin sier:

      Eg har ikkje fått noko informasjon ang. pris, så dette kan eg ikkje svare på. Det er truleg ikkje ekte carbon, då du kan få samme bremse i anna farge, der samme deksel er svart. Men, dette er heller ikkje sikkert. Fleire seier du kan fjerne dette dekselet om du ønsker.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *