Innenriks, Nyheter

Offisielt trial-NM

12 mar , 2014  

Under Forbundstinget på Sola i februar blei det endeleg bestemt at trial får offisielt Norgesmeisterskap. Ein kan dermed for første gong i historia kåre ein ekte Norgesmester i trialsykling. Hurra!

Dette er ein stor dag for norsk trial, og eit nytt skritt i riktig retning for å få etablert sykkelgreina skikkeleg.

Norgesmesterskapet vil bli arrangert i Øystese 25. mai, med Norgescup som «oppvarming» den 24. mai. Invitasjon og meir informasjon om konkurransen kjem seinare.


1 Response

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *