Nyheter, Videoer

«One spot» videokonkurranse

3 sep , 2011  

Biketrial.no har i samarbeid med Sykkel & Fritid gleda av å presentere ein «one spot» videokonkurranse. Det blir flotte premier til vinnaren, med trøstepremier til andre- og tredjeplass. Les vidare for alle detaljar.

Betingelser
Ein «one spot» videokonkurranse går ut på at heile videoen blir filma på samme stad, altså same «spot». Du kan ikkje definere Bergen by eller Aker Brygge som ein spot, det blir for stort. Ein «spot» er eit lite avgrensa område med gode muligheter for å sykle på. Det du burde leite etter er noko spennande arkitektonisk, som har fleire adkomstsider. På den måten kan du køyre variert. Men, det er ikkje krav til at spoten skal vere i ei gate, leit gjerne i skogen eller til dømes på ein byggeplass.

Det er godkjent å skifte kameravinkel så lenge det kjem tydeleg fram at du ikkje har flytta deg 50 meter bort til ein annan spot.

Lengden på filmen er valfri, men kan ikkje overstige to minutter.

Det er syklisten som vinner, og ikkje ein eventuell kameramann.

Kriterier
Målet med konkurranser er at beste video vinn. Det betyr ikkje at han som tar høgast sidehopp eller flest 360-ar vinn, for det vert ei heilskapsvurdering. Under følger ei liste med kriteriene det vert dømt etter:

  • Kreativitet; både på sykling, filming (kamerabruk, vinkler etc.) og spotvalg.
  • Vanskelighetsgrad; god sykling vert sjølvsagt premiert.
  • Overraskelsesfaktor; gjer noko juryen ikkje forventer, overrask sjåaren.
  • Kvalitet; både på klipping, filming, sykling og ikkje minst sangvalg. Sangen må passe til syklinga og redigeringa.
  • Allsidighet; ha med både balanselinjer, streetinspirerte triks, eksplosive teknikker, høge dropp og så vidare.

Det var altså fem kriterier. Alle kriteriene veger like mykje opp i heilskapsvurderinga, og med til dømes god kreativitet og allsidighet, kan du score lågare på vanskelighetsgrad.

Det vil kome ein eksempelfilm på konseptet innan kort tid.

Jury
Juryen består av Ole Hall hjå Sykkel & Fritid, samt biketrial.no-redaksjonen; Eirik, Joachim og Erik. Det består med andre ord av utøvere med ulike stilarter, god kompetanse på biketrial og lang erfaring.

Premier
Vinnaren av videkonkurransen kan velge ei valfri Echo trialramme frå Sykkel & Fritid, enten 20″ (dual disc), 24″ eller 26″. Kranklager er inkludert.

Premier til andre- og tredjeplass er under arbeid.

Delta
For å delta laster du opp videoen din på YouTube med følgande tittel: «Biketrial.no | Sykkel & Fritid | [Ditt namn]«. Deretter poster du filmen på biketrial.no si Facebookside: www.facebook.com/biketrial.no.

Alle bidrag må innehalde følgande linkar i videoen: www.biketrial.no og www.sykkelogfritid.no.

Kun norske bidrag (iallfall kun premiering til bidrag med norsk postadresse).

Frist
Frist er satt til 15. oktober. Du har dermed nesten 1,5 månad på å gjere ferdig bidraget.

Spørsmål blir tatt i mot med takk!

Lykke til!


3 Responses

  1. Skorp sier:

    Moro! Skal se om jeg invisterer i kamera kun for å vinne dette 🙂

  2. […] Konkurranseregler finner du her: http://www.biketrial.no/aktuelt/one-spot-videokonkurranse/ […]

Legg igjen en kommentar til Eirik Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.