Utenriks

Onsdagssladder

12 okt , 2011  

Det er haust, og mykje skjer med tanke på sponsing, overganger, nye produkter og så vidare. Her er siste nytt frå inn- og utland. Nederst finn du også det beste om biketrial på Twitter.

Danny MacAskill har skada kneet. Han skal operere, og håper å vere tilbake straks etter operasjonen. Kenny Belaey er i Sør-Afrika og trener, slik han har gjort dei siste vintrane. Kanskje han filmer også? Aurelien Fontenoy køyrer no for Rockstar Energy, gratulerer. Erik Solbakken har hooka opp med Deler AS, og køyrer no med Maxxis dekk, Kmc kjeder og BBB hjelm. Eit bilete av Thomas Ohler vart posta på Red Bull si Facebookside, biletet har no over 20000 likes! Knut Fosse har hatt eit lengre avbrekk frå sykling grunna lite motivasjon. Underteikna var å sykla med han denne helga, og kan melde om at motivasjonen er tilbake. For dei som ikkje har sett det, er ryanleech.com oppdatert. Det virker som fokuset er like stort på yoga og livscoaching som trial no.

Her er biletet 20000 liker:

Her følger dei beste tweetsene frå siste veke:
@Jnymann:
just heard that my English teacher has been at the X-games!

Ikkje visste Joakim Nymann at han mest sannsynleg vil kunne seie det samme til sine elever.

@chrisakrigg:
Cup of tea and then I'm off for a spin, because I can! Ish!!

Chris Akrigg skada seg stygt i vår. No er han på veg tilbake, og sykler på spinningsykkel – fordi han kan! Det føles nok deilig.

@ABEVENTS:
Great weekend of shows and filming with @rickkoekoek. Can't wait for the video.....

Andrei Burton og Rick Koekoek reiser alltid saman. Blir spennande å sjå film frå siste tur.

@rickoekoek:
And now back to work! At #bussum school project biketrial. Today starting with a new group of kids! Lets see what the can do:)

Rick Koekoek har eit prosjekt gåande i Nederland for å auke interessa for biketrial. Bra Rick!

@belaeykenny:
Today was flippin cool! I rode my 24" while Julien backflipped his moto Xtrials bike over a BMXramp and had a great African dinner at Moyo's

Mann vs. maskin: Kenny Belaey vs. Julien Dupont. Kenny har det fint i Sør-Afrika.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *