Innenriks, Nyheter

Portrett: Håkon Sveistrup

15 des , 2012  

Håkon Sveistrup er 19 år gamal, og interesserer seg for alt han gleder seg til. Det kan vere lønningen, julafta, nyttår, nye sykkeldeler, ein tøff fest og mykje anna. Håkon bur framleis heime hjå foreldra, og i garasjen har han ein Jaguar frå 1979. «Den er fet», syns Håkon.

I tillegg til å sykle, liker Håkon snop. Mykje snop. Også liker han snus, og det er han stolt over. Han liker å snuse samtidig som han køyrer Jaguaren. Helst langt, men ikkje for langt. Veteranbilforsikringa dekker nemleg ikkje det.

Om Håkon

Kva gjer du på til vanleg, Håkon?
– Jo, dette er ein vanleg dag: står opp 05:45, og slumrer til 06:05, for deretter å spurte ut i bilen for å køyre til jobb. Er på jobb frå 07:00 og som oftast til 15:00 (Håkon liker overtidsjobbing), køyrer heim, står i rushtrafikken og hater livet heilt til eg fyrer opp litt Notorius B.I.G. for å roe meg ned. Eg er heime i firetida. Der setter eg meg ned og tar ein snus , og tenker på kva eg skal gjere med dagen. Tanken på å sykle freistar ofte, men blir dessverre altfor sjeldan utført no som mørket kjem fort og det regner kald dritt. Etter det et eg middag, for deretter å sitte på Facebook resten av dagen. Eg planlegger helga i løpet av veka, og ofte blir det noko sykling, så lenge formen fungerer. Det hender óg at eg og Tobben (Torbjørn Danielsen red.anm.) tar ein køyretur til butikken, helst for å lure oss sjølv til å tru me har gjort noko fornuftig.

Kva skal du gjere når du blir stor?
– Mange planer… Bu ein plass i Syden, køyre gamle biler, gå mykje på kafé, ha ein jobb med mykje fritid, la folk tru eg har mykje pengar, sykle… Hjelpe nokon, hjelpe meg sjølv óg kanskje? Skate i USA, sykle BMX i USA, køyre ein lang strekning med bil i ørkenen, skaffe ein hund – iallfall ein katt, vere «fet», gjøre «fete» ting, og så vidare…

Kva sykkel har du no?
– Sykler på ein 20″ Echo 2009-modell, med Echo SL gaffel og Magura HS33 fra 2004 framme og bak. Dei bremsene er skikkeleg digge, det er det beste med sykkelen. Det dårlegaste må vere holkene. Dei løsner, så eg limer dei med superlim, så løsner dei på nytt etter eit par dagar. Tenkte å investere i nokre nye i vinter, samt nye dekk for 2013-sesongen. Sykler med dei samme dekka lengst mogleg, det er best. Då blir dei skikkeleg mjuke og slitte, og det er betre enn å ha mykje mønster.

Håkon i gamledagar. Foto: Privat

Street eller natural?
– Eigentleg natural, men eg foretrekker faktisk street. Street er «fett»! Pluss då er butikken veldig nærme, i tillfelle ein treng drikke eller snop. Tar sjeldan med drikke når eg skal sykle, også angrer eg like etterpå. Trur eg har sansen for street fordi ein tar ofte eitt og eitt hopp. Ikkje så mykje linjer og seksjoner. Seksjoner er slitsomt, men gjev godt samvit. Det er fordelen med natural, føler eg nettopp har gjort ein innsats for betre kondisjon og helse.

Oppstarten

Då Håkon starta med biketrial, var det Magura HS33 som gjaldt både framme og bak. Det er det idag óg.

Kvifor starta du med trial?
– Første gong eg starta, var det Tobben som fekk meg skikkeleg gira, så all creds til han. Han køyrde eigentleg motortrial, men fekk ein Monty med minisete til jul ein gong, trur det var rundt 2005. Då var det timesvis med sykling kvar dag.

Korleis var miljøet på Karmøy då du starta?
– Var ikkje så stort trur eg, var berre slik at ein visste om nokre som sykla rundt om… Hadde berre høyrd om folk, kjende dei ikkje. Var berre meg og Tobben stort sett. Men, etterkvart byrja eg og foreldra mine å importere Onza, miljøet vaks ein god del og det vart meir samla.

Håkon i hagen på Karmøy. Foto: Privat

Kva var din første sykkel?
– Monty, trur det var ein 220 Hydra. Raud og kvit, lite sete og dual HS33. Det lak olje frå bakbremsa, eg blei ofte skikkeleg lei meg på grunn av det. Men, pappa mekka alltid noko så det fungerte.

I seinare tid har Håkon, som mange andre, bytta over til vatn i bremsene. Det får plutseleg Håkon til å tenke på noko: – Håper forresten ikkje bremsa fryser i vinter, gløymde frostvæske i… Oooops!

Kva er ditt første trialminne?
– Det var då eg akkurat hadde henta min første sykkel. Har ein liten fjellknaus som stikker opp av plenen i hagen. Sykla både opp og ned utan å bruke bremsene. Ganske fett? Meg og Tobben laga alltid hopp i sandhauger rundt omkring, det tok heilt av. Me flaug!


Håkon på Ekstremsportveko. Foto: Nils-Erik Bjørholt

Comebacket

Håkon har sykla sidan 2005, men ikkje kontinuerleg. Han er ein mann av mange talent, og har brukt tida på både skating og bmx. Etter to år utan biketrial, kom han tilbake før 2012-sesongen. Korleis er det å vere tilbake?
– Heilt utruleg, men eg kjenner eg har mista mykje av formen og kondisjonen som var ganske god før i tida.

Kva med målene for 2013?
– Målet er mykje trening i 2013, men me får sjå. Mottoet til meg og Tobben er «Believe Life, Get Money». Det betyr å ha trua på at det går bra uansett. Har jo Jagge i garasjen for eksempel.

Korleis når du det målet då?
– Gjelder å trene mest psykisk, slappe av, snus, Baileys, og alltid ha ein backup om noko går galt.

Kvifor kom du tilbake?
– Gjekk og traska litt på brygga ein dag i 2011, og fann ut at det var på tide å bygge trialsykkelen opp igjen. Januar 2012 var han på plass, og eg byrja skikkeleg rundt mars. Målet var å delta i Norgescupen, sjå korleis eg låg an. Slutta til og med å snuse for å kome i betre form, men var rett og slett for chill på Voss, så eg tok til vet, og byrja for fullt igjen etter første Norgescup.


Jaguaren til Håkon. Foto: Eirik Ulltang

Denne sesongen

Håkon byrja nærmast rett på konkurransen etter comebacket, men dei første Norgescupane på Ekstremsportveko i slutten av juni 2012. Der vann han overlegent ekspertklassen begge dagar. Dei største konkurrentane var ikkje deltakarar ein gong…

Dette var din første sesong med konkurranser. Likte du det?
– Både og, men mest ja. I utgangspunktet er eg ikkje så altfor «keen» på å konkurrere mot andre, men det er gode arrangement og stemningar har vore god på alle konkurransane. I tillegg var eg overrraska over kor mykje sykkelkunnskap som låg langt bak i hovudet, som fort dukka opp igjen.

Korleis syns du nivået er i Noreg?
– Virker som ganske mange har fått skikkeleg «teken» på ting. Har ikkje fulgt så mykje med på biketrialverda før 2012, men nokre drar det jo litt langt, drar til utlandet for å konkurrere, og så vidare! Hehe! (Her sikter nok Håkon til artikkelforfattararen, red.anm.).

Kva var høgdepunktet denne sesongen?
– Red Bull-jentene i Bergen. Dei var «freshe»!

Speedtrialsen på Veko. Foto: Nils-Erik Bjørholt

Var det noko negativt denne sesongen?
– Ja, Tobben var kun med på konkurransane på Voss. Trenger han på alle, ellers blir det mykje tull og tøys. Også er det slitsomt å sykle to dagar på rad, det er ikkje heilt sånn me gjer det på Karmøy. Helst sykle me ingenting, og sitter heller å drøfter når og korleis me skal sykle.

Beste konkurranse i år?
– Definitivt Voss på Ekstremsportveko! Seksjonene var gøyale, og hadde som sagt Tobben med. Stemninga rundt heile arrangementet gjorde alt bra, mykje som skjedde heile tida.

Kven var din største konkurrent?
– Snus og Carlsberg!

Framover

Til neste år sikter Håkon seg inn mot å sykle alle Norgescuprundane i elite. Han har tydeleg fått smaken på meir, men målene for sesongen er nok ikkje dei du trur!

Er du motivert for ein ny sesong?
– Ja! Stashe opp sykkelen litt, og gjere som sist: chille max! Kanskje jobbe litt med å fokusere på trening, og heller mindre «baaaallin»!

Kva er målene dine for 2013?
– Sjekke opp Red Bull-jentene!

Karmøy

Karmøy er ei ein kommune og ei øy i Rogaland fylke. Dei har eigen flyplass, og tre tettstadar kalla Kopervik, Skudeneshavn og Åkra. Kva med trialmiljøet?

Kor mange sykler trial på Karmøy no?
– Me er vel mellom éin og tre. Helst to. I 2013 skal eg prøve å få litt meir gang i det. Fekk ikkje sykle så mykje offentleg i dikstriktet i år. Hadde jo nettopp byrja. Men, satser på at det dukker opp ein del syklar frå garasjane tidleg på våren, så eg kan dra dei med til Norgescupane.

For å få fleire til å sykle, har Håkon ein god plan.

– Kanskje sykle litt meir sjølv? Og muligens vise litt initiativ, og i det minste prøve å vise andre at sporten finns.

Kven sykler du med til vanleg?
– Tobben og Øystein Kielland. Tobben sliter litt med frykt for skader av syklinga, han seier det kan gå utover jobben. Men, det er berre eit teit argument for å sitte og snuse istadenfor. Har orsakingar for å ikkje sykle eg óg, men dei er litt betre. For eksempel at eg kasta katten på taket, og no får eg han ikkje ned igjen. Tobben går på den kvar gong!

– Kielland trur eg har ein liten restitusjonsperiode no i vinter. Det har vel eigentleg alle tre, kan eg innrømma. Men, med ein gong sola titter fram neste år, ser eg for meg at det er full gass på alle. I år var me flinke til å sykle mykje på våren og sommaren, så trur det skal gå fint i 2013 óg.


Kielland og Håkon på moloen på Ferkingstad. Foto: Eirik Ulltang

Kor ofte pleier du å sykle?
– Sjeldan no på seinhausten og vinteren. I gamle dagar hadde me ein innandørshall ein heil vinter. Det fungerte fint! Då var me óg litt fleire som sykla. No sykler eg kanskje ein liten gong i veka, tipper eg. Dårleg, men sant.

Kva saknar du på Karmøy?
– Folk som syklar, og vindlause dagar med sol. Eg ser for meg at det vil auke i 2013, ville vore greit å fått gangen på dette igjen…

Beste spot på Karmøy?
– Moloen på Ferkingstad og nokre spots ved industriområdet på Husøy. Kopervik City er faktisk ikkje så ille heller.

Korleis er vinteren på Karmøy?
– Med tanke på sykling er det vel ikkje noko som helst å seie om det. Men, sjeldan snøen er her lenge, i 2007 sykla eg til og med på julafta. Då var eg gira.

Biketrial.no takkar for intervjuet, og ønsker Håkon lukke til med dei mentale førebuingane gjennom vinteren på Karmøy.

Forsidefoto: Eirik Ulltang


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *