Villem på sykkelen

Innenriks, Nyheter

Portrett: Villem Vaktskjold

8 des , 2012  

Villem er 15 år gamal, og bur i Knarvik, eit lite stykke nord for Bergen. Han er aktiv i trialmiljøet både med og utan motor, noko som visar igjen på plasseringane han har oppnådd denne sesongen. Villem har eit strerkt konkurranseinnstinkt, med det er likevel eigen innsats og vilje som betyr noko, at ein gjer så godt ein kan. Då kjem resultatene automatisk. Han har i tillegg klart å få i gang ein permanent treningsstad i nærmiljøet sitt, ein eigen trialbane for Nordhordalendingar.

Generelt

Kva interesser har du?
– Det som interesserer meg er sykling, motortrial, paintball og pc (Retting: Sykling betyr biketrial sjølvklart, og pc betyr speling/gaming).

Kva driv du med til vanleg?
– Til vanleg syklar eg, spelar på pc, er med vennar og slit ut skulebenken.

Kva sykkel har du no? Planlegg du utskifting i næraste framtid?
– No har eg ein Echo Pure 2011. Er nøgd med denne, så har ingen planar om utskifting i nær framtid, men drømmer litt om ein Koxx Sky 3 26”.

Street eller natural?
– Street har alltid vore min favoritt, men eg byrjar å lika natural meir og meir.

Oppstarten

Kva fekk deg til å starta? Når?
– Eg begynte for fire år sidan (ca). Den fyrste sykkelen kjøpte eg for å bruka den til treningssykkel for å bli betre i motortrial. No for tida er det biketrial som er favoritten.

Då han starta med biketrial var det ikkje noko særleg miljø, eller rettare sagt: Det var ikkje eit miljø. Villem kjende ingen andre som sykla biketrial, og han var nøydd til å sykla aleina i over eit halvt år før to andre motortrialkompisar óg fekk biketrialsykkel.

Kva var din første sykkel?
– Min første sykkel var ein Monty 221pr som eg kjøpte ny i jula 2007.

Kva er ditt første trialminne?
– Mitt første trialminne er då eg stod i oppkøyrselen og vippa meg sidelengs opp på ei palla.

Denne sesongen

Denne sesongen konkurrerte Villem i klassen vidarekomen, og han fekk med seg alle rundane. I fleire av rundane endte han opp på topp, og han er nøgd med eigen innsats.

Korleis syns du nivået er i Noreg? Nivået rundt deg?
– Eg tykkjer det er eit høgt nivå i Noreg, men det er få deltakarar i klassen ekspert. Nivået rundt meg lokalt er ganske spreidd. Det er blant anna éin utøvar i klassen nybyrjar, tre i vidarekomen og éin i ekspert.

Kva tykkjer du var høgdepunktet denne sesongen?
– Min eigen innsats og vilje, at eg gjorde så godt eg kunne, og at det faktisk gav resultat i konkurransane.

Beste konkurranse i år?
– Eg syns det første løpet på Voss var best. Der var det gode og kjekke seksjonar, som heller ikkje var alt for lange.

Villem på Fjordtrial

Villem på Fjordtrial.

Han vann som kjend mange av rundane, og innrømmer at det var litt negativt at han ikkje vann alle. Han meiner likevel at konkurrentane hans fortente sigeren. Dei han ser på som dei største konkurrentane er Ole Tuft i Hordaland og Andreas Christensen i Oslo, ettersom dei alle er på omtrent same nivå.

Framover

Villem har som kjend hatt ein flott sesong, og er motivert for ein ny sesong. Sjølv om han fryktar det blir lite sykling i vinter, håpar han at erfaringa frå forrige sesong skal hjelpa han til kunne stilla éin klasse høgare komande sesong.

Kva gjer du for å klargjere deg til ny sesong?
– Framover skal eg prøva å trena jamleg for å halda alt ved like.

Kva er din største motivasjon?
– Målet mitt er å koma opp i klassen ekspert, så dette er ein ganske sterk motivasjon.

Vil du delta på alle rundande?
– Eg skal iallfall prøva å delta på alle rundane.

Vil du delta på internasjonale arrangement?
-Dersom nivået ikkje er altfor høgt, eventuelt lågt på meg sjølv, håpar eg på å få delta på eit internasjonalt arrangement.

Har du noko formeining om korleis du kan bidra for å få fleire til å starte med sporten?
– Spreie gode ord om sporten, samt vere open og la folk få prøve seg på biketrial.

Bergen og omegn

Bergen har eit veksande miljø for biketrial, og har nylig fått oppretta ein eigen biketrialklubb i samarbeid med Vestkanttrial. Sjølv om Bergen har eit flott miljø, er det diverre ikkje alltid like lett å samle alle utøvarane på ein stad. Dette fører for Villem til mange timar aleine på sykkelen.

Villem på motortrial

Villem kombinerer både motor- og sykkeltrial.

 

Kor mange utøvarar er det i Knarvik-området no?
– I Knarvik er det meg, på Seim har me Øyvind, på Toppe er det Ole og Thomas og på Lillebergen er det Tore Andre. Det vil seie fem utøvarar, men avstanden blir fort stor. (Merknad: Stadnamna er småplassar i Nordhordaland).

Kven sykler du med til vanleg?
– Til vanleg syklar eg aleine, men det hender eg tar turen bort til Ole og Thomas.

Kor ofte pleier du å sykle?
– Eg pleier å sykle 0-3 gongar i veka. Det er vanskeleg å motivera seg når eg er aleine, så eg får ikkje sykla så ofte som ønskeleg.

Du bur jo nær Bergen, er du mykje å syklar i Bergen?
– Denne sesongen har eg vore tre gongar å sykla i Bergen sentrum. Eg har i tillegg vore eit par turar til Vestkanten då dei heldt kurs no i haust.

Beste spot i Knarvik (og/eller Bergen)?
– Biketrialbanen i Knarvik tykkjer eg er bra. Der er det rom for litt ymse sykling, og eg syns det er eit fint område med mange varierande hinder.

Blir det treningar i vinter?
– Trur det blir litt, men diverre trur eg ikkje det blir så mykje som eg har lyst til.

Har de organiserte treningar?
– Eg er ikkje på noko organiserte treningar. (Merknad: Det finns organiserte treningar via klubben Bergen Biketrial på Vestkanten/innandørs)

Kva saknar du i Knarvik (og/eller Bergen) med tanke på trial?
– Fleire syklistar i nærleiken av meg.

Med dette takkar me Villem for intervjuet og ein flott sesong, og ynskjer han lykke til med klasseskifte og ein ny spanande sesong.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *