Utstyr

Produktnytt: BBB Tie Fighter

1 okt , 2011  

BBB kjem no med ein nye type bremsekloss, «Tie Fighter». Her leverer dei klossar med ein ny type backing som ikkje berre støttar senter av klossen, slik andre klossar gjer, med den nye backingen får klossen no støtte både framme og bak i tillegg.

Dei har gjort eit grundig arbeid på denne klossen. I tillegg til støtte framme og bak, har dei bygd senteret på backingen i aluminium for å gjere det ekstra stivt. Klossen har ei relativt mjuk gummiblanding, og Tartybikes anbefalar å bruke klossen på felgar utan grind, men gjerne med tjære på opplettsdagar.

Trass i at klossane er anbefalt å bruke utan grind, meiner både BBB sjølv og Tarty at klossen skal fungere bra sjølv om det er vått. Dette er på grunn av dei djupe spora som er skåre ut av klossen. Spora drenerer vatnet bort frå felgen, slik at klossen får maksimalt grep på felgringen.

Som ein ser på bilete, får ein altså ein klosse som er stivare, samtidig som ein vil unngå at klossen flyttar seg i sylinderen. I tilleg er det lågare profil på klossane, noko som er ein fordel ettersom nye rammer er relativt smale, og ein lett kan ta borti sylinderen med krankarmen dersom sylinderen står langt ut. Ein av dei største ulempane med klossen er at backingen ikkje passar Echo sine sylindarar, så dei av dykk med Echosylinder og som ynskjer å prøva BBB Tie Fighter – dessverre, klossen passar berre ilag med Magurasylindrar.

Norsk distributør av BBB: Deler AS


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *