Utstyr

Produktnytt: Trialtech slangesplitter

14 aug , 2011  

Trialtech har nyleg lansert fleire produkt, og eit av dei er Sport Hose Splitter, ekstrautstyr for hydrauliske felgbremser. Det er ein liten cnc-maskinert del på fem gram, som tross storleiken gjer stor nytte. Ideen er ikkje ny i seg sjølv, men Trialtech har klart å gjere produktet endå betre.

Denne splitteren vert brukt i staden for konvensjonell crossover mellom stempelene, slik at det vert vanskelegare å få ein lekkasje i bremsen. Det er eit vanleg problem at crossoveren knekker eller går hol på, og denne biten 6061 aluminium kan minske risikoen for at det skjer.

Det får i tillegg ein meir symmetrisk brems, som på tross av at eit lukka hydraulisk system skal i teorien ha jamn fordeling av trykk, skaper ein meir effektiv brems.

Sport Hose Splitter

Fordelen med produktet frå Trialtech, samanlikna med det tilsvarande produktet frå Monty, er at du installerer slangene ved hjelp av standard slangefestedeler frå  Magura/Echo, slik at ein ikkje hamrer slangene direkte inn på splitteren. Monty sin patent har nok ført til mange misnøgde kundar med øydelagt splitter. Sjølv om vekta vert høgare enn Monty sin, er det likevel snakk om så få gram at dette ikkje blir ei ulempe. Det vert i tillegg lettare å bytte slanger, om uhellet skulle vere ute, fordi du kan lage klar slanger på førehand, og berre skru dei på.

Sport Hose Splitter er testa over lengre tid av Trialtech sine teamkøyrarar, med blant anna Stan Shaw. Innvendig er splitteren romsleg, som fører til at væske lett flyter gjennom. Saman er alt dette med på å skape ein meir effektiv brems, som sjeldnare må reparerast.

Splitteren er tilgjengeleg i to fargar, sølv og svart. Norsk forhandlar av Trialtech er Sykkel & Fritid, så ønsker du produktet, ta kontakt med dei.


1 Response

  1. […] › LES OGSÅ: Produktnytt: Trialtech slangesplitter […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *