Nyheter, Utenriks

Red Bull Streetlight Sessions

27 sep , 2011  

17. september vart Red Bull Streetlight Sessions arrangert i Castle Park, Bristol (England). Med godt oppmøte, bra spots og fleire spesialdesigna hinder, var det duka for eit flott arrangement.

Hovudpersonen, Danny MacAskill, kunne ikkje delta for fullt grunna skade. Likevel var han tilstades som støttespelar. Før arrangementet uttalte han: «Det er virkelig kjekt for meg å vere tilbake i Storbritannia for å sykle, etter eit år med reising, og Red Bull Streetlight Sessions er ein bra måte for med å henge med trialmiljøet igjen. Eg er sikker på at oppsettet me lager på dei ulike stadene vil bli tatt godt i mot, Red Bull veit korleis ein lager eit bra arrangement, så kom og sjekk det ut!»

(c) rutgerpauw.com/Red Bull Content Pool

Arrangementet starta på ettermiddagen, og vart gradvis opplyst under gatelysene. Kl 22:00 blei arrangementet avslutta. Meir enn 800 tilskodarar såg nokre av dei beste trialsyklistane i verda sykle, med eit antall oppvisningar på den unike arenaen. Dette begeistra publikumet i Bristol og inspirerte lokale syklister. Ewan Beaden frå Portsmouth satt standarden, og vann 500 engelske pund for beste triks.

Mellom oppvisningane gjorde Red Bull og Inspired Bicycles tre timelange ‘Street Light Taster Sessions’. Omlag 70 streettrialnybyrjarar deltok, og fekk prøve sporten i eit trygt og progressivt miljø. Desse utvalgte syklistane vart gjevne muligheten til å prøve arenaen saman med Danny og ta del i ‘Taster Session’, og alle kunne få eksperttips, råd og engasjement frå legenda Martyn Ashton.

[nggallery id=15]

Neste arrangement blir i Manchester 8. oktober.

Offisiell video:

Her er videoen Jonny Jones laga frå arrangementet. Artikkelen vil bli oppdatert så snart fleire videoar blir publisert.

Bilete: (c) rutgerpauw.com/Red Bull Content Pool


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *