Nyheter, Utstyr

Revolusjon frå Monty

27 aug , 2011  

Monty har lenge hatt eit dårleg rykte når det gjelder nyvinningar, med forholdsvis lite nytenkande geometriar og materialvalg. Desse ryktene blei totalt knust då nyhenda om den første trialsykkelen i fullkarbon, Monty M5, kom ut i går. Sykkelen er ein del av 2013-sortimentet, og er planlagt å kome for salg våren 2012.

Karbongaffel

I tillegg til fullkarbon ramme, har Monty laga gaffel og styre i same materiale, og blir dermed andre trialprodusent med karbongaffel (Produktnytt: Karbongaffel fra Try-all). Alle andre komponenter på sykkelen skal vere nye, med ultralette dekk, lettare krankarmar og flitting bruk av aluminum og titan der ein vanlegvis bruker stål. Totaltvekta er i følge Monty sjølv på 6,795 kilogram. Dette er uten tvil den lettaste ferdigproduserte trialsykkelen i historien.

Integrert kjede i kjedestag.

Av nye løysningar, har Monty integrert mykje beskytting inn i ramma, for å hindre at karbonrøyrene blir utsatt for slag. I tillegg er kjeda blitt integrert inn i ramma, som skaper ein enormt låg standover. Designet er veldig nytenkande, og med nye materialer kan ein tenke heilt nytt. Som ein ser, er ramma utan det mykje brukte triangeldesignet, og kan minne litt om Ozonys sine Curve-modellar.

No er det berre å vente på at kjempa og regjerande europamester Dani Comas skal vise kva ramma er god for. Dette er spennande, og eit viktig framskritt i sporten. I tillegg blir det artig å sjå kva prisen på sykkelen blir, det ligger an til å bli første sykkel over 30.000,- sidan Cresent var i sporten.


8 Responses

  1. joachim sier:

    Sykt. vil prøve den! noen må kjøpe den!

  2. Mads Lexander sier:

    Lurer på hva geoen er på den 😀 ser spennende ut hvor lenge en sånn sykkel varer =P

  3. Skorp sier:

    Mads: Evig, Karbon ftw

    Bra at monty blir med i gamet igjen!

  4. Skorp sier:

    Finnes det 26″ versjon?

  5. […] har du eit bilete av ein Monty M5 prototype med HS33 framme og bak. Monty tar tydelegvis testing på alvor, og dette er altså siste […]

  6. […] den revolusjonerande Monty M5 (Dani Comas tester M5), første fullkarbon trialsykkel i historien (Revolusjon frå Monty). Testinga, som no har foregått i snart eitt år, ser ut til å vere vellukka. Om ingenting […]

  7. […] har en vinnerkandidat på 26″. Giaco vil sykle både 20″ og 26″, med henholdsvis M5 og en 231 Kamel prototype. Danny med jakke fra […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *