Innenriks, Nyheter

Sesongen til Mads

13 des , 2011  

Her kjem ein kort prat med Mads Lexander (17) frå Bergen. Han har tatt store steg både på det tekniske og fysiske i år, og har ikkje tenkt å stoppe der. Les videre for å få Mads’ eigne synspunkt rundt denne sesongen, neste sesong og framtida. Han er endå ung, og biketrial.no spår han ein lysande karriere.

Denne sesongen

Du gjorde reint bord både på Ekstremsportveko og Nordays, og har fått sykla mykje. Kva var høgdepunktet?
Det må vel vere den fantastiske opplevinga på Nordays og Oslo Ride. Eit knallbra arrangement, fantastiske forhold og mange å sykle med. Blir ikkje betre enn det!

Dei som har fulgt deg sidan forrige vinter, har sett ein tydeleg utvikling. Kor meiner du sjølv utviklinga har vore størst?
Vil vel seie litt generelt, men har fokusert mykje på styrke og spenst, samt teknikk og presisjon i naturalsykling. Har hatt ein del spensttrening, og mykje rørsletrening.

Har lærd med å støte igjen, ettersom eg no har ein sykkel som gjer dette lettere i forhold til dei to tidlegare syklane eg hadde. Var veldig kort chainstay på dei forrige, som gjorde det heilt umogleg å støte. Den siste månaden har eg òg øvd ein del på frenchie og gap til front, spesielt fokus på landingen.

Har vore ein fantastisk sesong med mykje sykling, så må seie meg nøgd og er klar for ny sesong!

Komande sesong

Med gode resultat i år, kva er målene dine for neste sesong?
Har håp om å stille i elite på Norgescupane, og forhåpentlegvis nokre ritt i utlandet, om det lar seg gjere.

Eg vil òg prøve å få nokre sponsorer, sykle mykje og ha det kjekt!

Du seier løp i utlandet, er det nokre spesifikke du tenker på?
Svensk Mesterskap (BIU) og verdscup (UCI) er det som er i tankane foreløpig.

Har du noko anna spennande å kome med? Satser du 100%?
Eg kjem til å satse 100% på biketrial neste år. Kjem til å legge opp endå hardare treningsplan om det blir aktuelt å stille på verdscup, spesielt retta mot seksjonssykling.

Framtida

Kor ser du deg sjølv om fem år?
Forhåpentlegvis sykler eg endå, og håper å ligge i Norgestoppen.

Kva er ditt framtidige draumemål?
Kvalifisere med til finale i eliteklassen i VM (UCI).

Korleis trur du biketrial utvikler seg i Norge framover?
Eg trur det vil utvikle seg bra vidare, men kor fort vil tida vise. Merker det har kome seg bra dei sista åra.

Tusen takk for praten Mads. Til slutt, er det nokre spesielle du ønsker å takke? Personar som har hjelpt deg i sesongen som var, eller i karrieren din så langt?
Vil takke Thomas (Remvik Aasen red.anm,), Christoffer (Valland red.anm.) og Tore Andrè (Andresen red.anm.) for eit bra miljø her i Bergen. Det hjelper på, og pusher nivået vidare!

Her er den imponerande videoen som oppsummerer Mads’ sesong:


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.