Nyheter, Videoer

Sinapsis

22 des , 2011  

Carles Lopez Torras (26) går på Universitetet i Girona i Katalunia. Der studerer han audiovisuell kommunikasjon og multimedia, og leverte eksamen i form av ein trialvideo. I denne videoen gjer han ein biomekanisk analyse av teknikken sidehopp.

Lurer du på kva muskler som arbeider under eit sidehopp, og korleis desse musklane arbeider? Då er denne videoen særs interessant. Dei lager i tillegg ein 3d-modell av sidehopp inne på laboratoriet.


Kvifor valgte du denne teknikken?
– Eg valgte denne teknikken av fleire årsaker. Han er spektakulær, bruker store delar av kroppen, er veldig presis og krever ein kombinasjon av fleire rørsler i løpet av veldig kort tid. Han er unik og original.

Alexis er full av reflekser, klar for videoanalyse

Syklisten du ser i videoen heiter Alexis Villar. Men, med eit så dedikert arbeid, må vel Carles ha kjennskap til biketrialsporten sjølv.

Sykler du biketrial?
– Eg har sykla biketrial i 10 år. Ingen konkurrering, kun for moro skuld.

Kva er planane dine for framtida?
– Målet mitt er å lage og produsere videoar med fokus på sport, og eg håper dette prosjektet vil hjelpe meg i gang.

Videoen har særs mykje informasjon, og inneheld mykje kunnskap. Kva har du lærd frå prosjektet?
–  Eg har lærd mange ting i dette prosjektet. Eg innsåg kor vanskeleg det var, og har lærd å søke objektive fakta på ulike måtar. Har eg ikkje funne det ut på den eine måten, har eg alltid klart å finne ein annan måte. Teknisk sett har eg lærd mange nye ting av meg sjølv. Generelt sett skaper eit så stort prosjekt vekst på mange måtar.

– Eg takker kameraten min Alexis for hjelpa under prosjektet. Han har ikkje berre sykla, men òg hjelpt til på både tekniske og fysiske aspekter, og jobba hardt for å få klippene.

Carles forteller at det er Alexis som har den største tekniske kunnskapen, og at det er han som best kan forklare og analysere rørslene under teknikken.

Sjå videoen her (Lengde 14:11):


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *