Konkurranser

Verdenscuprunden i Antwerpen

5 aug , 2010  

Den tredje runden i UCI World Cup 2010 blei holdt i Antwerpen, Belgia. Som vanleg var det konkurranse midt i byen, og store mengder tilskodarar fekk muligheten til å sjå biketrial på sitt beste. Som vanleg var det trioen Gilles Coustellier, Kenny Belaey og Vincent Hermance som var i teten i 26″, og Benito tok som han pleier seieren i 20″.

Gilles Coustellier klarte å kun setje foten nedi ÉIN gong i løpet av heile helga, og vann med god margin på Vincent på andre. Kenny Belaey gjorde fleire tabbar, og var rett og slett uheldig i andre tilfeller. Så sjølv om det var rå køyring, og eigentleg ein andreplass, måtte han ned på fjerde. Nokså overraskande kom Hannes Herrmann på fjerde, noko som er sterkt av tyskaren. Tydeleg at han er på veg mot den absolutte toppen.

Resultatet etter denne konkurransen fører til at Gilles Coustellier igjen kan ta heim verdenscuptittelen, sjølv om siste runde ikkje er gjennomført. Det er tredje året på rad dette skjer. Han har i tillegg vunne EM tre år på rad, og er suverent verdens beste trialsyklist. Vincent ligger på andre sammenlagt, med Belaey fem poeng bak. Marc Caisso, som har slitt litt med skader, ligger på fjerde.

Belgisk TV lagde ein 22 minutter lang reportasje om arrangementet, og denne kan du finne her:  http://www.sporza.be/cm/sporza/videozone/MG_sportnieuws/MG_wielrennen/1.837021

Bileta er henta frå Trial Inside, og er tatt av Bynini:

[nggallery id=1]

, , , , ,


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.