Videoer

Sommar i Kristiansund

3 des , 2012  

Kristiansund har forstra mange talentfulle trialsyklister opp gjennom åra. Det har vore eit bra miljø der, med ofte mange aktive syklistar. No er det ikkje heilt på topp, men det er likevel igjen ein hard kjerne av hardhause medlemmer av Kristiansundmafiaen. Ein av desse er Joakim Ødegård (18), som har sykla i fire-fem år. No har han laga ein video frå sommaren, saman med kompisene Magnus Brandvik (sykler på Monty) og Håkon Brevik (sykler på Echo).

Biketrial.no tok ein prat med Joakim, og han gav oss status om Kristiansund og biketrial:
– Miljøet i Kristiansund er litt både og. Audun Kjørsvik har flytta nordover på grunn av skule. Me er vel fire-fem aktive syklistar no, som eg veit om. Og, sidan hallen vår vart stengt, er det lite sykling på haust- og vinterstid. Joakim legger til: – Georg (Aune red.anm) skal i tillegg i militæret snart.

Videoen er filma frå starten av juni og til rundt august. Du lurer kanskje på kvifor det er lite hjelmbruk i videoen? Joakim sjølv seier han mista hjelmen på sjøen, men har no fått seg ny hjelm. Men, kva med dei andre?
– Grunnen til dårleg hjelmbruk er vel redsel for hjelmsveis.

Joakim håper at Kristiansundmafiaen ikkje har fordufta til sommaren. Han og Alexander Didriksen har iallfall ikkje tenkt å gje seg. Kven er så Alexander? – Alexander er ein som eg har rekruttert. Stort potensiale! Kjem til å lage ein video av han om ikkje lenge. Dei to planlegger å delta på ulike arrangement i 2013, så lenge dei får tid. Kanskje me får sjå den første kristiansunder i ein NorgesCup?

Biketrial.no takker for praten, og ønsker Joakim og resten av Kristiansundmafian lukke til med vinteren og motivasjonen!

Her har du videoen. Nyt!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.