Innenriks

Sykkeltalentet Bergersen

25 mai , 2013  

Kristian Bergersen (17) frå Ytre Enebakk har sykla i tre år, men har allereie vunne ein Norgescup i ekspertklassen. Han sykler både street- og vanleg trial, i tillegg til å satse hardt på ein ballsport me ikkje vil nevne ved namn. Her kan du lese litt meir om sykkeltalentet, og i tillegg sjå hans to nyaste videoar.

Intervjuet held fram under videoen.

Kvifor starta du med biketrial?
Eigentleg starta eg med å køyre motortrial, og køyrde eit par år. Så kjøpte eg meg ein Monty for å trene litt ved sida av motortrialen. Men, eg synast fort at biketrial var meir artig enn motortrial, og mykje lettare for meg å trene på.

Då eg såg ein video av Erik Solbakken i 2009, så trudde eg ikkje det var mogleg å gjere sånt på sykkel, så eg bestemte meg for å bli like god som han.

Kva inspirerer deg?
Det som inspirerer meg er det å få til nye ting, spesielt innanfor street. Det å få til nye ting i skogen er óg moro. Å bli utfordra både psykisk og fysisk. Når du kjem i konkurranse og får til mykje av det du har øva lenge på.

Kven er dine førebilete?
Eg har fleire førebilete. Dei utanlandske er Gilles Coustellier, Danny MacAskill og Jack Carthy. Dei norske er Thomas R. Aasen og Eirik Ulltang.

«Det som inspirerer meg er det å få til nye ting […]»

Kven pleier du å sykle med?
Når eg sykler heime, så sykler eg mest aleine. Prøver å vere mest mogleg på tysdagstreningane i Hvervenbukta, der er det alltid nokre andre som sykler, og eg treff dei fleste frå Oslo-området.

Kor ofte er du ute og sykler?
Eg spelar handball for fullt, og det tar mykje tid. Men, eg forsøker å få til litt kvar dag, enten før eller etter handballtreningane. Har eg eit par ledige timar, så er eg som regel på sykkelen.

Kva teknikkar jobbar du med for tida?
Gap, balanse, gap to front og  footjam tailwhip ned fra kanter.

Kvar syklar du?
Eg syklar for det meste natural, men det hender eg tar nokre timar på streetsykkelen for å få variasjon.

Om du skulle velge, kva sykkel liker du best å sykle på?
Det er ikkje ås lett å seie eigentleg, men må vel seie den vanlege trialsykkelen, Ozonys Cannibal V4.

«Har eg eit par ledige timar, så er eg som regel på sykkelen.»

Favoritt:
– teknikk: sidehopp;
– triks: G-turn, 360;
– spot: Oslo, Hvervenbukta (Osloungdommens Motorsenter), Ski, Ytre Enebakk;
– syklist: Danny MacAskill
– trialvideo: Inspired Bicycles-Danny MacAskill April 2009.

Intervjuet held fram under videoen.

Kva er ambisjonane dine?
Det er at eg skal prøve å kome så langt som mogleg både i handball og sykling. Førebels passar det godt å halde på med begge. Ting eg jobbar med i trialen gjev meg forbetringar óg på handballbanen, så eg vil forsøka å halde på med begge to så lenge som mogleg.

Om du måtte velge å vere proff i handball eller biketrial?
Eg vil som sagt prøve å kombinere desse to så lenge eg kan, men ein eller annan gong må eg sikkert velge ein eg må satste fullt og heilt på. Men håpar det vert lenge til.

Nokon du vil takke?
Eg vil takke mine foreldre som køyrer meg rundt på treningar og sponser meg litt med delar og syklar. Og ein stor takk til Eirik Ulltang, Erik Solbakken og Joachim Skjævestad som eg får sykla veldig mykje med, og har lærd utruleg mykje av.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.