Nyheter, Ukategorisert

Velkomen til biketrial.no

3 aug , 2010  

Etter mykje streving og venting, har det endeleg blitt mogleg å få biketrial.no.  Denne sida skal ha som mål å vere Norges offisielle side for nyheter om biketrial i inn- og utland. Det er først og fremst meg sjølv, Eirik Ulltang, som vil stå for det meste, men håpet er etter kvart å få fleire med på laget, slik at antallet artiklar aukar og det kjem oftare nyheter. Har du noko du vil dele, send gjerne mail til redaksjonen ved hjelp av kontaktskjemaet i hovudmenyen heilt øverst.

Tidlegare har me hatt bike-trial.net, og mange lurer nok på kva som skjer her. Svaret er foreløpig enkelt; ingenting. Bike-trial.net vil bestå saman med forumet. Dette forumet har god aktivitet, og det ville vore feil å fjerna dette. Om det kanskje skjem ein fusjon i nærmaste framtid, der alle eldre foruminnlegg vil bli fullt ivaretatt, er per idag ikkje umogleg.

Eg ville ha biketrial.no fordi eg synes det norske biketrialmiljøet burde ha ei offisiell side, med offisiell skrivemåte. I tillegg har eg mange ideer på korleis ein offisiell biketrialportal burde sjå ut, med sterk inspirasjon frå t.d. Tribalzine.com og Terrengsykkel.no

Sida er framleis i oppstartsfasen, og fleire funksjonar og forhåpentligvis mange artiklar vil bli lagt til framover. For å få litt start på artikkeldatabasen, vil eg kanskje legge til artiklar om verdenscuprundar og andre hendingar som har vore for fleire månader sidan.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.